Det er Ørsta kommune som har gjeve løyve gjennom delegert vedtak frå rådmannen.

Dei Nynorske Festspela vert halde frå 28. juni til 1. juli. Rådmann Wenche Solheim gjev løyve til å utvide skjenkearealet, slik at det også omfattar utandørsområdet frå restauranten/hovudinngangen, til og med uteamfiet.

Vikeparken i Ørsta sentrum vert også inkludert i det nye løyvet, i samband med opningskonserten med Hellbillies 28. juni. Skjenkjetida for det utvida arealet er frå klokka 18.00 til 24.00, og omfattar alkohol inn til 22 prosent.

– Erfaringane frå føregåande år er gode, og rådmannen ser difor ikkje grunn til å endre praksis, seier Solheim.