Det fortel Per Dagsgard som er plan-, miljø- og beredskapssjef i Skjåk kommune.

– Vi må dessverre takke nei til dette. Det vert såpass arbeidskrevjande at det vil gå utover primæroppgåvene våre. Slik saka har utvikla seg vil det vere behov for både synfaring og fleire møte til dette. Vi har difor rådd Ørsta kommune til å finne ein settekommune som ligg nærare. Å reise frå Skjåk til Ørsta tek tid, seier Dagsgard til Møre-Nytt.

Bakgrunnen for at det er behov for settekommune i saka er at administrasjonen i Ørsta kommune er ugilde, då rådmannen bur i området ved Osgeila. Saka handlar om trafikktryggingstiltak i den svært trafikkerte geila, og der er stor usemje blant oppsitjarane om kva som vil vere den beste løysinga.

Vil finne ny

Eldar Øye i administrasjonen i Ørsta kommune har motteke ein e-post frå Per Dagsgard om at Skjåk kommune trekkjer seg.

– Dei hadde frå før gitt signal om at dersom saka vart for stor for dei, så ville dei vurdere om det ville vere mest tenleg at ein kommune nærare Ørsta skulle ta saka. Slik har det no vorte. Det betyr at ordføraren og eg, som representerer administrasjonen på den tekniske sida i denne saka, vil sette oss ned straks for å finne ein annan settekommune, og helst noko nærare geografisk, seier Øye.

Skjåk kommune sa tidlegare ja til å handsame saka, men då var det snakk om å ta seg av høyringsutspel som skulle kome inn, etter at samfunnsutvalet i januar gjorde vedtak om ulike ønske for trafikktrygging i geila. Dette vedtaket vart gjort utan sakshandsaming i botnen, og i eit nytt møte denne veka gjekk fleirtalet av utvalet inn for å nullstille dette vedtaket. Dermed må ein settekommune handsame Osgeil-saka i sin heilskap.

På leit: Eldar Øye i Ørsta kommune skal saman med ordførar finne ny settekommune i Osgeil-saka. Foto: Janne-Marit Myklebust