I fjor var det Birgitte Hustad Vinjevoll som representerte Ørsta i den populære naturserien 71 grader nord på TVNorge. Også i år har naturbygda på Søre Sunnmøre med ein deltakar – rettare sagt Nina Wallin Roth (40) frå Bergen, no busett i Barstadvik.

Tusenvis har søkt om å få vere med i programmet, men berre 40 har kome gjennom nålauget og vorte invitert til opptak på Sparangeid i Lindesnes. Her vart det kamp om dei 14 deltakarplassane, og som ein kunne sjå i fyrste episode, vart den tilflytta ørstingen Roth ein av dei heldige.

– Det er berre å seie rett ut: opptaket var knalltøft. Eg hadde likevel berre ein tanke i hovudet – nemleg å aldri gje opp, seier ho.

Hardaste nokosinne

Informasjonskonsulent Vivi R. Trøsvik i TVNorge skriv i ei pressemelding at årets sesong kan by på den hardaste konkurransen nokosinne.

– Denne gang er det eit topptungt lag som dreg på tur. Blant deltakarane finn vi alt frå jagarpilotar, tidlegare høyesterettsadvokater, kiropraktorar, fengselsbetjentar, forskingsleiarar, brannfolk og polititenestemenn. Det er Birkebeiner-generasjonen som søkjer tøffare utfordringar. Og det får dei, seier ho.

Meldinga om tøffe krav stemmer godt med inntrykka Roth sit att med etter opplevinga.

– 71 grader nord var ei krevjande oppleving med bratt læringskurve. Turane var fysisk tunge, men eg var heile tida medviten på kva for eventyr eg hadde heve meg med på.

Prøvingane til trass – Roth er ikkje i tvil om at 71 grader nord var ei oppleving for livet.

– Alt i alt var det ei positiv oppleving, og eg hadde gjerne gjort det igjen, seier ho.

Ønskt i fem år

Roth jobbar til vanleg som seljar på KappAhl ved Amfi Ørsta, og seier hugnaden til fjell og natur vog tyngst då ho vurderte om ho skulle sende inn søknad eller ikkje.

– Eg hadde lyst på nye utfordringar, og dei siste fem åra har eg tenkt at 71 grader nord er eit program som passar meg godt. Det har likevel aldri vorte til at eg har sendt inn nokon søknad – før denne sesongen.

På siste dag av fristen vart Roth nemleg oppmoda av ein kollega om å søkje deltaking i programmet, TVNorge tok deretter kontakt, og då var det duka for enda ein ørsting i tv-ruta.

TVNorge sender 71 grader nord kvar måndag, og programmet tel 15 episodar.