– 360 kundar har fått fiber, men 210 står att. Det vil seie at sju bustadfelt har vorte kopla opp, og no står seks til for tur. I dag er det Hovdebygda og Sjømyrane i Ørsta som er fokuspunkta våre, seier Driveklepp.

Han kan altså melde at fiberutbyggingane er på stødig kurs, noko som er positivt sidan dei har opplevd hindringar dei siste to åra.

– Særleg innbyggjarane på Vallabøen har fått merke forseinkingane i fiberutbyggingane. To iskalde vintrar har skulda for dette, men i år har vi klart å halde tidsplanen, seier Driveklepp.

Godt sal

Og interessa har ikkje late vente på seg.

– Fiber-salet går bra, og talet på abonnentar har auka i takt med at stadig fleire får produktet i hus. Undersøkingar viser at folk er nøgde med kjapp og stabil nettline, og dette går nok rundt på folkemunne, seier Driveklepp.

Utbyggingane vert gjennomført feltvis, og krevjar at folk melder si interesse.

– Minst 60 prosent av bustadfeltet må vere interessert i å få fiber for at det skal vere lønsamt for oss å tilby produktet. Dei fleste melder seg.

– Er det nokre felt i Ørsta der interessa har vore for låg?

– Ja, på Engeset. Det har nok noko med alderssamansetninga å gjere. Tendensen er ofte at bustadfelt med mange unge og unge familiar er meir interesserte i fiber og raskt internett, seier Driveklepp.

Tunge oppgåver

Han fortel at nettrafikken i dag er dominert av tunge oppgåver, med mellom anna strømming av film, musikk, videokommunikasjon, og utveksling av diverse multimedia.

– Dette behovet har stige raskt dei siste åra, og då er fiber perfekt med tanke på snøggleiken og mulegheitene for kapasitetsauke. I dag leverer vi nemleg 10 og 50 megabit-line, men kan oppgradere i framtida berre ved å skifte ut utstyret. Ein slepp dermed å grave opp kablane i jorda, seier han.

Adm. dir. Ivar Driveklepp i Tussa IKT.