Det seier klinikksjef ved kirurgisk avdeling i Volda, Knut Nautvik.

Både han og sjef for medisinsk avdeling, Mona Ryste er positive til at pasientauken styrkar det medisinske miljøet ved sjukehuset, men legane er uroa over at ein vil kunne slite med plassmangel dersom utviklinga held fram.

Ryste opplyser at poliklinikken har hatt ein heilt vanleg pasientauke på 500 personar det siste året. Til og med juli i år har 56 av desse kome frå Nordfjord. Det er nesten like mange som i heile fjor, då Volda sjukehus tok imot 60 pasientar frå den regionen.

Det er likevel perioden frå 22. september og vidare som er mest interessant, ifølgje Nautvik. Då opnar nemleg Kvivsvegen, og klinikksjefen trur sjukehuset i Volda kjem til å få langt fleire pasientar frå Stryn, Hellesylt, Stranda og Hornindal.

– Kjem til å slite

– Er det plass til desse, Nautvik?

– Viss spådommane slår til kjem vi nok til å slite. Det vil verte veldig utfordrande å unngå lengre ventetid og fristbrot, seier han.

Klinikksjefen trur også ein vil lide av plassmangel, noko som rimar dårleg med at der ikkje er pengar til å byggje ut sjukehuset.

– Der er laga nokre arealplanar, men dei ligg berre og støvar ned så vidt eg veit, seier Ryste.

– Kva konsekvensar kan ein vente seg?

– Viss vi går tom for ressursar kan vi verte nøydde til å avvise pasientar. Det vil føre til at vi får ei barriere mellom regionane, som ikkje samsvarar med lovnadene frå helsereforma i 2002, der fri pasientflyt mellom fylkesgrensene var eit sentralt tema. Tanken var at pasientar skulle få velje fritt mellom sjukehusa, men det kan verte vanskeleg no, seier Ryste.

Folkeaksjon

Sjølv om Nautvik sin spådom stammar frå kortare reiseavstand med Kvivsvegen, ser han ikkje vekk i frå at folk medvite vel vekk Nordfjord sjukehus for å vise si misnøye med nedskjeringane der.

– Det kan vel tenkast at dette er ein del av folkeaksjonen som opponerer, seier han.

Ei tredje årsak til at ein ventar større innrykk, er at sjukehuset i Volda har hyra inn fleire av dei som tidlegare var tilsett i Nordfjord. Mange ser dermed på Volda som aktuelt grunna nærleik og at ein kjenner helsetilsette der.

Godt grunnlag

Trass negative profetiar – Nautvik rosar Ørsta og Volda kommune for å spele på lag når det handlar om å føre pasientane gjennom systemet.

Det samspelet kjem til å ha stor verdi når Kvivsvegen opnar.

– Grunnen til at vi hittil har greidd å ta oss av alle pasientane er at dei to nabokommunane våre har vore så flinke å frigjere kapasitet, ved å ta seg av dei som er ferdigbehandla.

Ryste nemner også at sjølv om sjukehuset kan gå mot plassmangel, er det faglege miljøet knallsterkt.

– Det å ha dei rette fagpersonane er kritisk når det kjem til å tilby tenester med kvalitet. Dette er noko vi har oppnådd gjennom sterk fokus på rekruttering i mange år, seier ho.