Ferske tal viser nemleg at det ikkje er 60.000, men heile 120.000 kubikkmeter med skog som vart skadd av orkanen Dagmar i Ørsta/Volda i romjula.

– Det er nesten like mykje skog som vert høgd i heile Møre og Romsdal på eitt år, seier næringspolitisk sjef Jarle E. Holberg i Allskog.

Både skogeigarforeininga og offentlege aktørar har lagt ned store ressursar på å rydde opp vindfellt skog, men fortel at dei slit med transporten.

Det er nemleg ikkje like enkelt å ferdast i sunnmørsk fjellterreng som på dei samle slettene på Austlandet.

– Logistikk er eit sentralt element i oppryddingsarbeidet. For å komme til i skogen må Allskog køyre inn med både innleigde skogsmaskiner og tømmertransportbilar. Då må ein leggje til rette med vegar og dispensasjonar for å få løyve til å nytte desse. Handsaminga av søknadene våre har likevel ikkje vore like raske i alle kommunar, seier Holberg, og rettar blikket mot Sunnmøre.

Misunneleg

I likskap med Allskog er skogbrukssjef Roger Nedreklepp krystallklar på at dei er avhengige av velvilje og rask handsamingar av dispensasjonar frå kommunane, fylket og Statens vegvesen.

– Vi treng løyve til å køyre på kommune- og fylkesvegane snarast muleg, men det krev kjapp handsaming frå dei nemnde partane. Vi føler vi har hatt ei god dialog med dei så langt, men eg må berre understreke at vi har dårleg tid. Vinteren kjem, seier Nedreklepp.

Skogbrukssjefen seier han håpar dei klarar å hente ut mellom 50- og 60.000 kubikk i løpet av sommaren, men fryktar no at ein ikkje klarer å nå desse måla før vinteren kjem, noko som vil føre til tap av verdifull tømmer.

– Eg må no seie at eg vert litt misunneleg når eg høyrer om tilstanden på Austlandet, der dei bortimot er ferdig med all skogryddinga. Vi lever likevel under ein heilt anna himmel, med fjellterreng og mykje større transportutfordringar.

– Må ha fleire maskinar

Skogbrukssjefen vedgår at dei kanskje var for svake i dei fyrste vurderingane av skadd skogmengd, og seier konsekvensen vert at dei høgg for mykje tømmer i einskildområde.

Det førar til at ein dveler lengre ved kvart område, noko som gjer at ein ikkje rekk over så mange grunneigarar som ein skulle ønskje.

– Viss ein legg til at det berre er under ein tidel av grunneigarane i Volda som har byrja med skogshogsten sin, så seier det seg sjølv at vi ligg i bakleksa.

Nedreklepp rettar dermed blikket mot Allskog, og meiner dei må stille med fleire maskinar.

– Er det andre aktørar i området de vurderer?

– Ja, til dømes Statskog-Borregaard Skogsdrift. Dei har mellom anna vore ansvarlege for å rydde ved til 420 kV-lina i Volda, Ørsta og i Sykkylven, og er ein aktuell entreprenør på lik line med Allskog, seier Nedreklepp.

– Stå samla

Men sjølv om han snakkar om andre aktørar, er det ikkje splitting og utskiftingar som står høgst på plakaten no.

– Det viktigaste no er at vi står samla for å få løyst utfordringane kring tømmertransporten. Eg vil rose skogbruksleiarane Håkon Eliassen og Ola Bjørnli for innsatsen, men oppgåvene i sommar er formidable. Det vil uansett verte liggjande mykje tømmer og tape seg i verdi gjennom vinteren, men myndigheitene må vere fleksible slik at vi får henta ut så mykje som muleg i denne regionale dugnaden. Kommunikasjon og logistikk er nøkkelorda, seier Nedreklepp.

Skogbrukssjef Roger Nedreklepp seier det viktigaste no er å stå samla for å få henta ut mest muleg tømmer på flest moleg område før vinteren kjem.