- Tingretten har godteke politiets krav om forlenga fengsling i fire veker for ein mann i slutten av 20-åra som er sikta for å ha overfalle ei 20 år gammal kvinne i bustaden hennar i Volda, heiter det i pressemelding frå politiet.

Overfallet skjedde i ei laurdagsnatt i begynnelsen av desember og mannen vart pågripen av politiet etter nokre døgn med intensiv etterforskning.

Mannen vart då i første omgang varetekstfengsla for fire veker.

Politiadvokat Magne Kvalvik i Møre og Romsdal politidistrikt seier at etterforskinga no er i sluttfasen.

- Vi har  gjennomført ei rekke vitneavhøyr, og ventar no på analysesvar av spor som kriminalteknikarane har sikra og vi håpar at etterforskinga skal vere avslutta i løpet denne varetekstperioden, seier politiadvokat Kvalvik.