– Vi fryktar nedlegging av rutetilbodet ved Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.

Utviklingsforumet for Ørsta Volda lufthamn, Hovden seier det rett ut i ein høyringsuttale om den omstridde flypassasjeravgifta, som regjeringspartia og samarbeidspartia vil innføre frå 1. april i år.

– Øydelegg for lønsemda

Ifølgje ein rapport Transportøkonomisk institutt laga i 2013, var marginane på dei mest fullsette avgangane til og frå Hovden 90 kroner. Utviklingsforumet fryktar avgifta, på 80 kroner pluss moms, vil øydelegge for lønsemda til osloruta.

– Den gjennomsnittlege marginen per sete ligg nok vesentleg lågare enn 90 kroner, så reknestykket blir katastrofalt om avgifta blir innført.

Bergens-ruta blir ikkje påverka av avgifta, fordi ho her blir betalt gjennom statsstøtta.

Utviklingsforumet er sett saman av ordførarane Stein Aam (Ørsta) og Jørgen Amdam (Volda), i tillegg Terje Høybakk (dagleg leiar i Maritim forening for Søre Sunnmøre), Stig Remøy (adm.dir. i Olympic Shipping i Herøy), Richard Grov (adm.dir. i Hotel Alexandra i Loen) og Svein Gjelseth (leiar i Vanylven Utvikling).

I uttalen stiller dei spørsmål ved staten sitt reknestykke for samfunnsnytten til avgifta.

– Ein auke i dagens avgiftssystem vil sannsynlegvis medføre ein nedgang i talet på passasjerreiser på 10 prosent. Det vil gi store prosentvise utslag på ein del ruter i kortbanenettet, og særleg prissensitive ruter blir påverka anten ved færre avgangar eller nedlegging, skriv dei.

Negativ utvikling

Flypassasjeravgifta kjem på toppen av fleire ting som kan slå negativt ut for lufthamna i Hovdebygda. Trafikken har gått ned som følgje av nedgangen i næringslivet. Talet på passasjerar knytt til oljenæringa gjekk ned med 20 prosent i 2015.

I tillegg bestemte regjeringa i fjor at statsstøtta på ruta til Oslo skal fjernast. Widerøe har allereie annonsert at dei reduserer rutetilbodet ved Hovden som følgje av fjerninga av statsstøtta. Dei har varsla ytterlegare reduksjonar om flypassasjeravgifta blir innført.

Eit siste poeng er at staten har justert fleire avgifter knytt til flytrafikken, slik at det totale avgiftstrykket er høgare enn før. Utviklingsforumet viser til at det har vore ei liknande flypassasjeravgift for flytrafikken tidlegare, men at denne vart fjerna i 2002. Dei stiller spørsmål ved om dette vart gjort fordi inntektene frå avgifta var for låge, og om kor mykje staten reknar med å hente inn på avgifta når avgifta blir innført igjen. Utviklingsforumet meiner den sannsynlege nedgangen i flytrafikken som følgje avgifta vil føre til at ho ikkje gir staten inntektene dei reknar med.

– Spørsmålet blir då kva argumentasjon som ligg som grunnlag for ei avgift med så lite dokumentert samfunnsnytte, skriv dei. Avgifta har vorte presentert som ei klimaavgift av regjeringa. Dette klimaeffekten spør utviklingsforumet etter dokumentasjon på, sidan dei reisande går over til andre transportmiddel.

Fleire kritiske røyster

Høyringsfristen for flypassasjeravgifta er 21. februar. Ei rekkje aktørar har sendt kritiske uttalar til staten, mellom anna Avinor og NHO nasjonalt og lokalt.

Denne veka vart det også klart at Konkurransetilsynet meiner innføringa avgifta må utsettast, fordi ho kan gi ulike konkurransevilkår for selskapa og difor må greiast ut nærare. I yttarste konsekvens vil avgifta føre til færre aktørar i den norske luftfartsmarknaden og redusert konkurranse, meiner tilsynet. Professor Frode Steen ved Norges Handelshøgskole sa til Dagens Næringsliv onsdag at det blir svært vanskeleg å innføre avgifta etter uttalen frå Konkurransetilsynet.