Det krev Sindre Digernes, Venke Guldis, Tom Andre Busch og Roger Digernes på vegner av bebuarane og grunneigarane på Digernes og i Selbervika. Dei fortel at dei er sterkt plaga av den anleggsaktiviteten entreprenøren Aurstad driv på Klubben, like ved Digernes, der Aurstad produserer materiale av sprengt fjell. No krev naboane til Klubben at Aurstad straks avsluttar anleggsdrifta i samsvar med gjeldande reguleringsplan.

– Vi står alle samla bak eit krav om at den vedtekne reguleringsplanen for avslutning, opprydding og etterbruk av området vert følgd. Slik Aurstad driv på Klubben i dag, er dette eit lovbrot, seier naboane. Dei fortel om store plager som følgje av anleggsdrifta på Klubben.

Husa ristar

– Plagene er enorme. Husa våre ristar når det vert drive sprenging på Klubben. Det vert opplevd som dramatisk både for dyr, born og vaksne når det plutseleg går av ei dynamittsalve. Siste tida har vi ikkje vorte varsla om dette. I nokre tilfelle vert vi oppringde og bedne om å forlate huset, for sikkerheits skuld, fortel ein av naboane.

Dei er kritiske til sikringa på Klubben.

– Sikringa av området har vore dårleg i ein situasjon der den høgaste skjeringa i uttaket lenge har vore ein kring 40 meter høg fjellvegg. Ein kan berre ane konsekvensane dersom nokon skulle ramle utfor skjeringa. Grunna sikringa på Klubben torer vi ikkje å sende borna våre ut i skogen for å leike.

Naboane er også sterkt kritisk til anleggstrafikken gjennom Digernes.

– Borna kan ikkje ferdast på vegen på Digernes grunna alle lastebilane og traktorane som køyrer til og frå masseuttaket. Anleggstrafikken køyrer uforsvarleg fort då det er 80 km/t fartsgrense på fylkesvegen. Vegen er ikkje dimensjonert for anleggstrafikken og vegen har berre ei køyrebane. Det har vore mange nestenulykker på vegen, og det er berre eit spørsmål om tid før den første alvorlege ulykka kjem, fryktar naboane.

Dei fortel også om store støvplager, utan at dei kjenner til at Aurstad har sett inn tiltak mot dette. Støyproblematikken er også stor, ifølgje naboane.

– Boring, hakking og knusing frå dei tunge maskinene kan høyrast over heile neset. Ofte opplever vi drift til langt utover kvelden, trass i at det er bestemt at drifta skal vere frå klokka sju om morgonen til klokka åtte om kvelden frå måndag til fredag, seier naboane.

Dei hevdar at Aurstad på Klubben tek ut meir masse enn det entreprenøren har lov til.

Reguleringsplan

I 2011 vart det vedteke ein reguleringsplan for området Klubben. Dette var ein plan for «avslutning, opprydding og etterbruk av området». I planen vart det fastsett eit maksuttak for fjell og maksgrense for dette.

– I planen låg det også ein driftsplan der det heitte at restuttaket skulle vere ferdig teke ut i løpet av 2017. I fjor var maksuttaket nådd med unntak av nokre små «skalkar» som framleis står att. Men vi har ikkje sett noko «avslutning, opprydding eller etterbruk». Tvert imot tek Aurstad i dag ut endå meir masse utover maksuttaket, hevdar naboane.

Ørsta kommune har oppretta tilsyn mot entreprenøren for brot på reguleringsføresegnene. Aurstad har i eit brev til kommunen vedgått at dei har sprengt ut masse til eit lågare nivå enn det reguleringsføresegnene gir høve til. Men entreprenøren har sagt at han skal fylle opp att masse til det lovlege nivået. Kommunen meiner Aurstad tolkar reguleringsføresegnene feil.

– Aurstad viser inga interesse i å følge reguleringsplanen og driv framleis og sprengjer ut masse utover maksgrensa. Samtidig er Aurstad i starten med å utarbeide ein ny reguleringsplan. Denne inneber å ta ut ytterlegare ein million m³ masse, dette betyr i grove trekk at heile Klubben skal sprengast vekk. I framlegget er det fokusert på etterbruken, der det skal verte mogelegheiter for nausttomter og fiskeplassar. Dette er sjølvsagt ikkje noko vi kan ha tiltru til vert realisert. Alt Aurstad vil oppnå i denne saka er å halde fram med å sprenge ut masse, hevdar bebuarane og grunneigarane på Digernes og i Selbervika.

Aurstad tilbakeviser

Styreleiar Kjell Arne Aurstad I Aurstadkonsernet seier han beklagar det dersom verksemda på Klubben gir plager for dei som bur i området Digernes.

– Vi har stor forståing og respekt for bebuarane si oppleving av verksemda på Klubben, og vurderer no ytterlegare tiltak for å redusere plagene mest mogleg, seier Aurstad.

Han seier at alle bebuarane som bur innan 600 meter frå Klubben automatisk vert varsla om sprenging via mobiltelefon.

– Når det er sagt så er det ikkje ofte vi sprenger. Framover vert det i gjennomsnitt ein gong i månaden grunna aktivitetsnivået, seier Aurstad.

Han legg til at alt uttak av masse no ligg så lågt at vidare sprenging vil vere retta mot fjorden, og såleis vert naboane skjerma.

Aurstad tilbakeviser at selskapet brukar å varsle naboane om at dei bør forlate husa sine under sprenging.

– Det har berre skjedd ein gong, og det var eit spesielt tilfelle, seier Aurstad.

Han seier også at Aurstad sine anleggsbilar ikkje lenger køyrer via Digernes.

Akseltrykk

– Frå oktober i fjor vart akseltrykket i Vikaura heva til 10 tonn, noko som gjer at alle bilar kan køyre denne vegen. Og det er denne vegen vi brukar i dag, seier Aurstad.

Han seier også at sikringa av anleggsområdet er etter boka, men vedgår at eit sikringsgjerde som er sett opp ein kort periode losna slik at sikringa ikkje var ideell.

Aurstad tilbakeviser at entreprenøren bryt reguleringsføresegnene for Klubben.

– Vi har starta på avslutningsfasen for Klubben. Vi har dispensasjon for anleggsverksemda fram til ein søknad om generell drift er ferdighandsama hjå Bergvesenet, hevdar Aurstad.

Han tilbakeviser også at dei tek ut meir masse enn det som er lovleg.

– Så snart det er praktisk mogleg, fyller vi heile tida opp att med masse til det nivået som er fastsett i reguleringsføresegnene, fortel Kjell Arne Aurstad.

Han seier også at dei ikkje driv verksemd på Klubben etter klokka 20, og at det ikkje er drift på Klubben laurdagane.

K.A. Aurstad produserer kvart år eit par hundre tusen tonn på Klubben.

Leitar anna plass

– Eg ser føre meg at vi har drift på Klubben i kanskje fem-seks år framover. Vi leitar no etter alternative område i Ørsta for tilsvarande drift. I dag er uttak av pukk og singel på Klubben viktig for Ørsta og Volda, og mange får forsyningar frå Klubben, steinmasse som går til ulike byggjeføremål lokalt. Det seier seg sjølv at aktiviteten vår kan vere merkbar for dei som bur nær Klubben, men vi gjer altså det vi kan for at dei ulempene naboane viser til skal verte minst moglege, seier Kjell Arne Aurstad til Møre-Nytt.

Tilbakeviser: Styreleiar Kjell Arne Aurstad tilbakeviser at Aurstadkonsernet bryt reguleringsføresegnene for masseuttaket på Klubben. Foto: Roy-Arne Folkestad