Og jubelen stod i taket i det fullsette ungdomshuset då det heile var over. Då hadde publikum får vere med på seksten innslag der mange av innslaga inneheldt song.

- Dette var veldig bra! Syntest Gro Nordstrand, Yvonne Rønning og Anita Rønning som hadde benka seg for revyen "Vi fikser alt".

Revyen var prega av gode, gjennomarbeidde tekstar og framifrå skodespelprestasjonar. Veteranane imponerte som alltid, men også dei nye viste at Hovderevyen har framifrå rekruttering.

Mads Ryste, Kirsten Ose, Ingvil Flatnes, Arnfinn Skurtveit og Kari Flø har skrive tekstane.  Dei har henta inspirasjon både frå lokale og nasjonale hendingar.  Resultatet er mykje humor og litt alvor, stor song- og speleglede.  Det spruta av enkelte av innslaga, ikkje minst då Kirsten Ose snakka, eller rettare sagt brølte, om Høgt blodtrykk.  Der baud ho på den kvinnelege utgåva av illsinte Kjell Kjellen Bigset. Men der var mykje meir meg herleg, høg temperatur.

Ekte

Hovderevyen er heil ved og ekte vare. Vil du oppleve ein kveld med bygderevy av beste sort med mykje moro, bør du ta turen til Ervingen på neste framsyning.

Stødig kapellmeister heile kvelden var Marie Austrheim Riise.