Det er nettstaden til Høgskulen i Volda som fortel om dette.

Det var redaktøren i tidsskriftet Assessment in Education: Principles, Policy & Practice som slo på tråden til førsteamanuensis i grunnskulelærarutdanninga ved HVO, Siv Måseidvåg Gamlem, og kom med den gode nyheita.

Artikkelen med namnet «Student perceptions of classroom feedback» er den mest leste av alle utdanningsartiklar som er publisert gjennom forlaget Routledge dei to siste åra. Routledge er, ifølgje si eiga nettside, det verdsleiande akademiske forlaget i humaniora og samfunnsvitskap.

– Det kom som ei bombe når eg fekk den meldinga. Det heng veldig høgt, og spesielt når ein tenkar på alle dei akademikarane som sit rundt om i verda og skriv utdanningsartiklar. Det er utruleg gledeleg, seier Gamlem til hivolda.no.

Artikkelen var ein av tre artiklar ho skreiv i samband med doktorgraden ho vart ferdig med i fjor. Ho har skreve den ilag med birettleiaren sin, Kari Smith, som er professor ved NTNU og UiB.