– Vi vil svært gjerne ha kommunen med på laget.

Salssjef Norodd Dyrhovden i Tussa IKT la ingenting ting imellom i frieriet sitt til Ørsta kommune, då formannskapet besøkte Tussatun tysdag denne veka. Besøket kom i stand i samband med at kommunestyret skal gjere vedtak om vidare samarbeid om IKT-tenester med dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. I dag er IKT-tenestene samla i Søre Sunnmøre IKT, som held til i Hareid. Administrasjonen ønskjer å vidareføre dette samarbeidet, med ei litt anna samarbeidsform.

– Det meste vi har bygt opp innanfor IKT dei siste åra, har vi bygt rundt driftssenteret i Hareid. Kommunane blir vovne meir og meir saman. Vi byggjer opp maskinvare éin stad i staden for sju, og vi samlar brukarstøtta for alle sju kommunane. Står vi åleine, må vi drifte systema på eigen hand og ha eigne driftsansvarlege. Vi er heilt avhengige av samarbeid om IKT for å møte den digitaliseringa som har kome og skal kome i åra som kjem, forklarte Bjørn Heggen, IKT-leiar i Ørsta kommune, til formannskapet.

Ørsta samarbeider om IKT-tenester med Søre Sunnmøre på dei aller fleste område. Skule er eit unntak. Her har Ørsta teke i bruk Google si løysing. Det har ikkje dei andre kommunane.

Datasenter

Tussa har bygt opp eit topp moderne datasenter i Hovdebygda. Dette har avanserte system for både kjøling og straum, og fleire reservesystem dersom hovudkjølinga eller hovudstraumen sviktar.

Dyrhovden la ikkje skjul på at han meiner Ørsta kommune bør bli kunde i datasenteret. Han argumenterte mellom anna med at kommunane kan flytte risikoen og byrda med drift og brukarstøtte ut av eigen organisasjon.

– Slik tenker næringslivet, og er det eigentleg så stor forskjell på næringslivet og ein kommune? spurde Dyrhovden retorisk.

Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa, var klar på at han var oppteken av samarbeid og ein god tone. Men han kritiserte også strategien Ørsta kommune har valt innanfor IKT-området.

– Vi sit med kjensla av at kommunen her vel ein strategi der dei er seg sjølv nok. Eg trur vi når lengst med samarbeid, sa Dybdal.

Rådmann Wenche Solheim sa til Møre-Nytt at ho ikkje kjente seg igjen i kritikken, og at Ørsta kommune samarbeider med Tussa på fleire område, og har ein god og positiv dialog.

– Vi har eit godt samarbeid med Tussa, og vi veit kva dei kan levere. Dette handlar ikkje om at vi ikkje vil bruke tenestene deira, sa Bjørn Heggen.

Ingen garanti for Tussa

Karen Høydal (Ap) var klar på at det syntest klart for henne at det ikkje er lurt å forlate samarbeidet kommunen har i dag, men ville vite korleis Tussa eventuelt kan kome inn i samarbeidet.

- Utviklinga går fort, og det vil kome til eit punkt der vi må investere i ny teknologi. Då må vi sju kommunane spørje oss sjølve om vi skal halde fram som i dag, eller kjøpe tenester frå andre. Men det vil koste mykje å flytte også, forklarte Heggen til formannskapet.

Per-Are Sørheim (H) var den mest kritiske røysta i formannskapet til dagens løysing. Han er sjølv tilsett i Tussa, og var klar på at vil erklære seg ugild dersom Tussa blir del av ei politisk sak. Formannskapet hadde inga sak til handsaming tysdag.

– Eg er ikkje kritisk til at vi samarbeider med andre kommunar, og slett ikkje at vi samarbeider om programvare. Men no vi no skal gå vidare med dette, så kjem vi ikkje vekk frå at dette er eit teknologisk svært avansert område, der det skjer stor utvikling heile tida. Ved å bygge opp ein maskinvarepark saman med dei andre kommunane, er vi utsett for utviklinga i marknaden i langt større grad, og IKT er eit område som krev kontinuerleg investering over lang tid. Eg stiller meg undrande til at vi er inne på eigarsida i to it-selskap (Ørsta kommune er den største eigaren i Tussa, red.merk.), og spør om det er fornuftig å eige så mykje fleire stader. Vi må evne å ta denne diskusjonen, sa Sørheim.

Han presiserte at han ikkje vil meine noko om kor vidt Tussa er den rette aktøren.

– Då er eg ugild med ein gang. Men dette er viktige perspektiv å ha med seg. Det er heller ingen garanti for at Tussa blir IT-leverandør dersom desse tenestene blir lagt ut på anbod. Fleire aktørar kan vere interesserte i å ta på seg denne oppgåva, og Tussa må konkurrere på lik linje med desse.

Ei sak om vidareføring av IKT -samarbeidet vart lagt fram for kommunestyret tidlegare i haust. Den gongen vart ho utsett. Ho kjem snart opp på nytt.