Einar Holsvik er leiar i Bygg- og Anleggsgruppa (BA-gruppa) i Ørsta. Han er også dagleg leiar for Norhus i Hovdebygda.
Dagleg leiar Magnar Enerhaug i Enerbygg i Ørsta.

– Noko må gjerast med statusen til både byggfagutdanninga og andre yrkesfag. Desse utdanningane og yrka har vorte snakka ned i årevis, og det er eit politisk ansvar å ta tak i dette, seier dagleg leiar Magnar Enerhaug i Enerbygg i Ørsta.

– Eg veit ikkje om eg vil seie meg samd i at statusen er låg eller at yrka er snakka ned, men vi har iallfall eit stort fokus på å drage fram dei gode argumenta for å velje yrkesfag. Særleg ser vi at vi har konkurrert om arbeidskrafta med offshoreyrka, og at høg løn og «to veker på og fire av»-turnusen har lokka mange dit. Då må vi få fram at ein kan tene gode pengar i byggjebransjen også. Blir ein god tømrar, då vil eg seie at «the sky is the limit», seier Einar Holsvik, leiar i Bygg- og Anleggsgruppa (BA-gruppa) i Ørsta. Han er også dagleg leiar for Norhus i Hovdebygda.

Birte går mot straumen

– Eg synest absolutt fleire burde søkje bygg- og anleggsfag, og gjerne fleire jenter, seier Birte Folkestad.

– Eg valde byggfag fordi eg likar å byggje og jobbe med hendene.

Ho skulle ønske fleire tenkte som henne. Behovet i næringa er skrikande.

Når Møre-Nytt møter voldingen, er ho i full gang med å montere ein terrasse i eit byggjefelt i Ørsta. Ho går andre året på byggteknikk-lina Ørsta vidaregåande skule, og er i praksis for Enerbygg denne veka.

Sjølv om Birte stortrivst, var det ikkje så mange som valde som henne då ho søkte opptak til tømrarutdanninga i 2013.

– Vi er sju stykke i klassa vår, og eg er den einaste jenta. På første året er dei vel elleve eller tolv, men der også er det berre ei jente.

– Det var i 2013, året Birte søkte, vi såg at vi måtte gire opp rekrutteringsarbeidet, seierHolsvik.

– Søkjnga i fjor tyder på at det går rette vegen. Målet for i år er at vi har 25 kvalifiserte søkjarar når fristen går ut 1. mars.

Han og Enerhaug er samde om at behovet er skrikande både for lærlingar og for ferdig utdanna tømrarar.

– Vi har eit enormt behov for arbeidskraft, og får ikkje tak i nok lærlingar, seier Holsvik.

– Vi har plass til mange ungdommar berre dei vil. Ein god tømrar er sikra ein god og trygg jobb i lang tid framover, seier Enerhaug.