Det kommenterer einingsleiar for kommunalteknikk i kommunen, Ulf Kristian Rognstad.

I desse tider kjem Statens vegvesen med påminningar om at huseigarar må hugse klippe hekken sin, då det ifølgje veglova (§31 og §43) er den som eig eller disponerer huset som har ansvar for at det er fri sikt ved avkøyrsla si.

– Høge hekkar er eit stort problem, spesielt ved avkøyrslar. Alle bør prioritere å klippe tilbake hekkar og busker for å unngå ulykker, spesielt då born ofte ikkje tek forholdsreglar. Då er nødvendig sikt avgjerande for å unngå påkøyrsel. Vi prøvar det vi kan å oppmode om sunn fornuft for å sikre trygg ferdsel for alle, seier Ulf Kristian Rognstad.

Ifølgje offentleg skriv frå Statens vegvesen i 2015, viser ei temaanalyse at tre av ti dødsulukker på sykkel skuldast dårleg sikt.

– Vi oppmodar til ein felles dugnad i lokalmiljøet for å betre sikten ved avkøyrsler til private eigedomar. Dette er spesielt viktig no før skulestart. Det kan forhindre ulukker og redde liv, seier prosjektleiar Signe Gunn Myre i Statens vegvesen i denne pressemeldinga.

Einingsleiar for kommunalteknikk i Ørsta kan bekrefte at det har vore tilfelle i Ørsta der ulukker har skjedd grunna dårleg sikt.

– Håkonsgata/Heggjadalen var eit punkt der høg hekk var problemet. Men der er det greitt no, poengterer Rognstad. Han legg til:

– Kommunen har mykje på trappene, men vi prøver å følgje opp når vi anten får innspel frå publikum, eller vi ser problema sjølv. Men vi kan heilt klart bli betre på å prioritere meir av slikt arbeid.

Reglar for fri sikt

Dersom avkøyrsla din kryssar gang- eller sykkelveg må høgde på hekk eller gjerde ikkje overstige 0,5 meter. For å sørgje for fri sikt må hekken anten klippast eller flyttast utanfor frisiktsona.

Det må vere 3 meter fri sikt inn i avkøyrsla. Står du 3 meter inn i avkøyrsla skal du kunne sjå midten av gang- eller sykkelvegen 30 meter til kvar side.

Dersom gang- eller sykkelvegen hallar og syklistar held høg fart, bør frisiktsona utvidast lenger enn 30 meter.

(Kjelde: Statens Vegvesen).