I tre dagar, frå måndag til onsdag, har 61 born i alderen 6–12 år delteke på DNB Idrettsleikar på Ørsta stadion. Det er tredje året Ørsta IL Friidrett arrangerer friidrettsskule, og alle åra har friidrettsskulen vore fullteikna. 10 ungdomar var ansvarleg for å leggje til rette aktivitetar og rettleie borna i aktivitetane.

Ivrige born

Borna smilte frå øyre til øyre, og viste stor begeistring for alt dei hadde vore med på.

– Vi har sprunge rundt bana her i heile dag. Vi elskar å springe! Fortel Oskar Mjelva Straume (8), Iven Sjåstad Åsebø (7) og Eirik Larsen Hasle (7). – Eg synest det var kjekt å leike katt og mus inne i hallen, seier Maja Røe Natås (11). – Eg likte best å hoppe høgde og lengde, seier Sarah Moussa (11), og fortsett: – Eg har kjempemasse gangsperre i låra og i magen! Og det er eit godt teikn, er det ikkje?

Von om å halde fram

– Vi har fått veldig mange gode tilbakemeldingar frå born og foreldre. Det blir mest sannsynleg friidrettsskule neste år også, seier leiar for Ørsta IL Friidrett, Olve Øyehaug.

– Det har vore kjempekjekt å vere på friidrettsskule. Vi håper det blir neste år også, fortel borna om kvarandre.