– Han Henry trur eg har vore her sidan eg starta opp Bondalselva Camping på starten av 70-talet, seier Bjørn Urkegjerde.

Han står i lag med den erfarne elveveteranen, som ivrig kastar sjølvtvinna fluger uti dei stride stryka i håp om å få ein laks eller ein pjakk – slik han har gjort nærast kvar einaste sommar sidan slengbukser kom på moten.

– Den gongen var det utruleg mykje fisk her. Det har ikkje vore like heftig dei siste åra, men den flotte naturen og stemninga gjer at vi kjem tilbake kvart år. Dei siste åra har også barn og barnebarn kasta seg med, seier Bakken, og stadfestar at interessa for fisking definitivt har gått i arv.

– Har du fått noko napp i år då?

– Ja, i går hala eg i land ein fem kilos laks, så det er slett ikkje verst, seier han.

Fisketal

Ifølgje campingleiar Urkegjerde, er det mange som har fått føle gleda med å lande nokre ruggar sidan sesongen i Ørsta starta 15. juni.

– Jada, det vart fiska 10–11 berre i går, der to av dei var pjakkar og resten laksar. Sidan sesongstarten har det totalt vorte fiska 65 fiskar, noko som er meir enn i fjor på same tid, seier Urkegjerde.

Han fortel at elva har vakse i storleik den siste tida, grunna snøsmelting i fjella. Det lovar godt for fiskelykka.

– Snøsmeltinga er nok grunnen til at Bondalselva er ein betre fiskeplass enn elva i Ørsta akkurat no.

Det viser seg også i talet på turistar. Urkegjerde kan nemleg melde at alle dei ti hyttene er fullbooka heile sommaren, og at campingturistane byrjar å finne vegen til Sæbø.

Torbjørn Slettedal, som eig Hjørundfjord Camping like attåt, fortel om eit like godt besøk.

Mindre interesse

Men sjølv om fisketilhøva verkar å vere optimale, varslar Urkegjerde om ei urovekkjande utvikling.

– Det er stadig færre unge som tek turen hit for å fiske. Sjølv om elva vår er god, er snittalderen langt høgare enn kva ein skulle ynske. Det er stort sett dei same travarane som kjem att kvart år, seier han.

I fjor sommar talde han totalt 100 personar som testa fiskelykka på Sæbø. Det er ei halvering frå året før(!).

– Det er nedskjeringane i fisketider som er grunnen. I fjor avslutta ein sesongen 20. juli, noko som berre er fire dagar før tyskarane går ut i fellesferie. Då seier det seg sjølv at dei finn seg andre plassar å fare der sesongen er lenger, seier Urkegjerde.

Dagleg leiar Bjørn Urkegjerde ved Bondalselva Camping. Foto: Ivar Lid Riise