– Veka før lanseringa av spelet i Noreg merka Clas Ohlson ei auke på 60 % på salet av naudladarar. Sidan då har salet eksplodert. Vi har problem med å skaffe nok ladarar, og vi er utseld for den kraftigaste modellen, som er ladaren det har gått mest av. Det gjeld så godt som alle butikkane på landsbasis. Det betyr at folk vil ha maksimalt med straum og er villig til å betale for det. I tillegg har vi registrert ei mangedobling etter søk på naudladar på nettsida vår siste vekene. Det er ganske spesielt, men artig, fortel Rune Viken, teamleiar ved Clas Ohlson i Ørsta.

Auka sal

Som kanskje mange har lagt merke til har mobilspelet Pokémon Go teke verda, inkludert Ørsta, med storm. Det har elektronikkbutikkar merka gjennom salet av naudladarar (berbar oppladbart batteri). Mobilspelet sluker nemleg mykje straum, så då kan det vere greitt å ha naudladar til mobilen tilgjengeleg for å sleppe avbryte Pokémon-jakta på grunn av flatt batteri.

Herman Bjørneset ved Lefdal i Furene fortel at også dei har godt sal av naudladarar. I tillegg har mange kjøpt nye og betre telefonar for å kunne spele, meiner han. Hallvar Snipsøyr, avdelingsleiar for lyd og bilete ved Elkjøp, stadfestar at Elkjøp har opplevd ei stor auke i salet av ladarane etter lanseringa av Pokémon Go.

– Vi har opplevd at kundar kjøper fleire ladarar samtidig, gjerne 2–3. Eg veit at stort sett heile kjeda opplev ei auke i salet av naudladarar. Hos oss går det mest av dei som er middels kraftige, som gjev om lag 2–3 ladingar til mobilen. Anna tilbehøyr til mobilen som vi nettopp har fått inn som til dømes armband med LED-lys, har vi også selt ein del av. Dei kjem i alle slags fargar, og er veldig lurt å ha på seg når ein spelar Pokémon ute om kvelden, forklarar Snipsøyr.

Miljøvennleg ladar

Også salet av solcelleladarar har fått ein oppsving hos Clas Ohlson.

– Ladaren er veldig lett og kan enkelt festast på sekken eller ryggen, slik at du alltid har straum medan du går på tur eller når du spelar Pokémon, forklarar Rune Viken.

<strong>Solcellepanel:</strong> Teamleiar ved Clas Ohlson Rune Viken viser fram solcelleladar til mobil og nettbrett, som du enkelt kan ta med deg på tur der du ikkje har tilgang til straum. – Perfekt for Pokémontrenarar!$RETURN$$RETURN$
<strong>Ved kassa:</strong> Også Coop Extra Furene reklamerer for sal av naudladarar.
<strong>Folk treng straum:</strong> Salet av naudladar til mobil ser ut til å vere sterkt påverka av Pokémon Go-trenden. Avdelingsleiar for lyd og bilete ved Elkjøp, Hallvar Snipsøyr, viser fram butikken sitt Pokémon-hjørne med mellom anna naudladarar, aktivitetsarmband og armband til å ha mobilen i.
<strong>Investert:</strong> Martin H. Bondhus (11) viste fram sin ladar då Møre-Nytt var med på Pokémon-jakt.