Worren vart fødd den 30. juli 1918, og har såleis levd eit langt og innhaldsrikt liv.

Måndag fekk ho besøk av fungerande ordførar Karen Høydal, som overrekte henne ein blomebukett frå kommunen, med ønskjer om ein fin bursdag og god helse.

Alette er fødd i Ørsta, og er eldst i ein søskenflokk på fire. Dei yngre søskena heitte Ove, Arne og Svein. Mora kom frå Ørsta, og faren flytte hit på grunn av arbeid på trikotasjefabrikken.

Store endringar

I februar 2016 flytta ho inn på Ørstaheimen, der ho likar å dele historier om gamle dagar, lese aviser, og følgje med på kva som skjer i samfunnet.

– Kva syns du om å verte hundre år?

– Ja, det er det ikkje alle som vert. Eg har ikkje hatt noko ønskje om å verte det heller, men ettersom tida går, kan eg framleis snakke med folk på ein alminneleg måte. Eg synst det er interessant å møte folk og snakke med dei, seier ho.

I gjennom hundre år, har ho fått meg seg mykje utvikling og store endringar.

– Eg har opplevd ei tid med modning i bygda. Det var mykje som vaks og utvikla seg både her og der i Ørsta. Det var ei tid med god atmosfære, og det gav håp til folk, seier ho.

– Eg syns ungdomane som er interessert i det som skjer, har store mogelegheiter i dag. I gamle dagar var det nesten synd på husmødrene som skulle ta seg av alle borna, ofte åtte-ti stykke, og ordne kle og mat til dei, medan mennene ofte måtte ut på havet for å arbeide, seier jubilanten.

– La borna vere nyfikne

Om ho skal kome med nokon råd til dagens ungdom?

– Ein burde ikkje byrje å få born med det same. Samstundes er det viktig at kvinnene får bløme, og at ein respekterer kvarandre.

– Og born som er nyfikne, må ein følgje med på. Born og fantasi er ikkje overdrive. Det er noko som er der heile tida, om den får utvikle seg og dei får bruke den. Ein må ikkje halde dei tilbake, men la dei få prøve ting.

Dagen vart feira på Ørstaheimen, med vener og slektningar på besøk.