Per Are Sørheim var ein av dei som viste engasjement då det vart halde møte på Ørsta rådhus tysdag i samband med prosessen vidare som følgje av Europan-konkurransen.

Dei tre danske arkitektane vil knyte sentrale delarar i sentrum betre saman, og det skal leggjast stor vekt på det estetiske. Per Are Sørheim rosa den planen som arkitektane har lagt fram. Men han kom også med ei slags åtvaring.

– Det nye Ørsta sentrum skal ikkje vere noko museum. Vi skal utvikle oss, og vi kan ikkje berre tenkje estetikk, sa Sørheim til dei tre arkitektane som hadde orientert om sentrumsplanen.

Både Geir Arne Aarseth og Arnulf Hjertvik rosa arkitektane sine planar.

– Fin estetikk vil drage folk til Ørsta, konkluderte Hjertvik.

Også andre hadde innspel til planane. Jarle Aarseth minte om mangelen på parkeringsplassar for dei som bur i sentrum.

Parkering

– De må ikkje gløyme parkeringsplassane. Eg har eit ønske om bygging av eit parkeringshus i sentrum der vi kan få kjøpe oss parkeringsplassar fordi det ikkje er god nok parkeringsløysing i sentrum i dag, sa Aarseth.

Plansjef Gunnar Wangen utfordra publikum med spørsmål om tida no er inne for parkering under grunnen i sentrum. Hermod Nupen syntest det var ein god ide viss Amfi-eigaren etablerte dette.

Då kom ordførar Stein Aam på bana og fortalde at Amfi no vurderer parkeringshus i høgda grunna frykt for grunnproblematikk med parkering under bakken.

Plansjef Wangen gjorde det klart at meiningane til folket er viktige i prosessen med å utarbeide eit underlag som skal vere førande for reguleringsarbeidet.

– Medverknaden frå folket er framleis svært viktig. Og idear som vil kome inn vil også kunne danne grunnlag for den utviklingsplanen som skal lagast, sa Wangen.Han såg føre seg at det vil ta eit halvt års tid å få utarbeidd denne planen som skal vere godt gjennomarbeidd:

– Vona er at dette strategiske dokumentet skal vere så bra at vi gjennom reguleringsprosessen vil få færre spørsmål som skal besvarast, sa plansjefen.

<strong>Møte:</strong> mange møtte opp på rådhuset tysdag for å verte orienterte om dei danske arkitektane sine planar for Ørsta sentrum.