Det seier formannskaps- medlem Paul Kristian Hovden (KrF) i Ørsta. I Møre-Nytt førre laurdag sa Helge Orten (H), medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, at han ser føre seg at dei store fjordkryssingane blir bygt før tilstøytande vegar blir prioritert.

Det vil i så fall bety at Ørstafjordkryssinga blir nedprioritert fram til Hafast (kryssinga av Sulafjorden) er på plass. Orten er sentral i Stortinget sitt arbeid med Nasjonal Transportplan for 2018-2029, der lagnaden til både Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga blir avgjort.

- Eg registrerer at Orten har innsett at pengepotten er avgrensa. Då seier eg velkomen etter. Desse tankane burde dei hatt med seg då dei valde Hafast i staden for Fefast (Fefast er kryssingsalternativet frå Festøya, red. merk.). Då argumenterte vi nettopp med at Fefast er raskast, flatast og billegast, seier Hovden, men presiserer at hovudpoenget hans ikkje er å ta omkamp om Hafast og Fefast.

- No må vi få flytta trafikken ut av Ørsta sentrum. Langs heile Vestlandet og andre stader i landet ser vi at hovudvegane blir løfta ut av sentrum. Det er framtidsretta tenking. Det burde også stortingspolitikarane sjå verdien av i Ørsta. Kryssinga er også viktig i ei beredskapsperspektiv.

Fryktar pakke utan kryssing

KrF-politikaren har full aksept for at Voldatunnelen er komen lenger i planlegginga, og vil bli bygt først.

- Men det er likevel viktig at Ørstafjordkryssinga er med i planane, seier Hovden og siktar til samferdslepakken for Ørsta og Volda, som no skal jobbast fram. - I det første vedtaket om ein slik pakke, frå 2011, står tunnelen og fjordkryssinga som to likeverdige prosjekt. Voldatunnelen skal vere med i vegpakken. I tillegg er det frå Ørsta kommune si side ytra ønske om å få med mindre prosjekt, som t.d. miljøgate gjennom Ørsta sentrum, som gulrøter for Ørsta. Hovden fryktar konsekvensen dersom mindre prosjekt kjem med, men ikkje fjordkryssinga.

- Dersom det blir brukt 50 millionar her og 100 millionar der på tiltak i sentrum, er faren at staten seier at vi har fått vårt, at Ørstafjordkryssinga blir skrota og at vi framleis får over 10.000 bilar gjennom sentrum. Vi må løfte fram det største og viktigaste prosjektet vårt, og det er Ørstafjordkryssinga- Fleire stader langs E39 i Ørsta er problema akutte. Er det ikkje viktig å få raske løysingar for desse?

- Når Ørstafjordkryssinga kjem, vil trafikken bli redusert både i Hovdebygda og i sentrum, og situasjonen t.d. i flyplasskrysset blir langt betre. Ordførar Stein Aam har tidlegare sagt at vegpakken ikkje medfører at Ørsta forlet fjordkryssinga, og at Svein Sunde i Gode Vegar AS er engasjert for å jobbe fram begge prosjekta. Planperioden for NTP går fram til 2029.

Hovden meiner det er tilstrekkeleg at bygginga av Ørstafjordkryssinga skjer i løpet av denne perioden. For Voldatunnelen sin del er håpet at bygginga startar i starten av perioden - mellom 2018 og 2021.

- Eg har ikkje problem med at Voldatunnelen kjem først, men eg skulle gjerne sett at det frå Volda si side vart snakka meir varmt om Ørstafjorkryssinga og at prosjekta vart sett i samanheng, seier Paul Kristian Hovden.