Ved den vakre Hjørundfjorden, eit lite stykke forbi Store-Standal og Stavset, finn ein den vesle bygda, Ytre-Standal. Denne bygda har berre tre fastbuande, men takka vere godt samarbeid mellom fastbuande der, i nabobygdene og med dei utflytta standalingane, vart det fredag duka for aktivitetsdag i den idylliske bygda.

Samlar seg

Fleire aktivitetar var lagt opp denne dagen. I kjellaren i Nilsløda til Eli Anne Tvergrov var det sal av fiskeburger, fiskesuppe, kaker og kaffi. Og her stod damene Eli Anne refererte til som primusmotorane for denne aktivitetsdagen.

– Utan desse damene hadde denne dagen vore veldig vanskeleg å arrangere.

Randi Standal, Eldbjørg Standal Tvergrov, Anne Marie Stenseth og Anne Grete Standal har alle tilknyting til bygda, og fleire har småbruk som dei bruker i helgene eller feriar. Men ingen bur fast i bygda. Likevel er dei engasjert i grendelaget, og såg det som svært viktig å vise fram Ytre-Standal under Naturfestivalen.

– Det er så flott å vise fram bygda og skape litt liv her, seier dei.

Tilbakeblikk

I etasjen ovanfor kafeen i løda var det rigga til med filmvisning om historie og gardsdrift på Ytre-Standal og omland.

– Dette er ein kulturskatt! Det er så fantastisk at vi kan få sjå korleis det var i bygda den gong. Filmen er laga av Brynjulf Standal, og er ein film som er sett i hop av filmklipp filma i tidsrommet 1942 til 1961. Filmen viser mellom anna den første bilen som køyrer gjennom bygda. I filmen seier Brynjulf at han skaffa fleire av klippa under krigen, som han stal frå tyske filmlager, forklarar Eli Anne Tvergrov.

På garden til Kjetil og Marta Standal, som er to av tre fastbuande i bygda, kunne ein ta del i endå ei reise tilbake i tid, då dei i andre etasje i løda si no har flaga ferdig eit gardsmuseum. Her står det utstilt gjenstandar dei har samla eller funne på garden med opphav så langt tilbake i tid som 1700-talet. Her er møblar, snikkarutstyr, mjølkeutstyr og andre kulturskattar utstilt.

–For eit par år sidan bygde vi golvet her. Dette er eit prosjekt som har gått over tid. Mange av tinga veit vi ikkje kva har vore brukt til. Men ofte kan austeuropearar som vi leiger ut hytter til faktisk fortelje kva tinga er, då dei framleis er i bruk i landa deira, fortel ekteparet.

Marine Harvest

Grendelaget hadde under aktivitetsdagen også tett samarbeid med Marine Harvest. Dei stilte opp med moglegheit for omvising gjennom heile setjefiskanlegget deira.

Denne bedrifta ligg nemleg rett ved sidan av elva som renn gjennom Ytre-Standal. Og det er ikkje tilfeldig, for all vatnet Marine Harvest brukar i anlegga sine kjem nettopp derifrå.

Mange store og små tok del i omvisinga. Dei fekk lære om prosessen lakserogn går gjennom i klekkeriet, og seinare korleis yngelen vert teke hand om, før tida er inne for at fisken er klar for sjølivet.

– Vi har generelt mykje omvisingar i anlegget, og vi er som regel alltid villige til å ta i mot folk, opplyser driftsleiar, Frode Sætre