– Vi byggjer opp eit nettverk med faste relestasjonar som dekkjer dei stadane med busetnad og dei stadane med mest utfart i kommunane. I tillegg har vi portable relestasjonar og linkar for dekning i dei vanskelegast tilgjengelege områda, og som er reserve for faste stasjonar ved skadar i krisesituasjonar, fortel Helge Vatne, leiar i Ørsta Røde Kors, og den som har vore krumtappen i utbygginga av radionettet.

Naudnettet

Røde Kors sitt radionett må ikkje forvekslast med det nye statlege naudsambandet, som er i drift i Ørsta og Volda allereie. Røde Kors ser på dette naudsambandet som eit stort framsteg, og det er primærsambandet for helse og redning.

– Men dette nettet dekkjer ikkje så mykje utanfor busetnaden og dei viktige vegane. Difor treng vi også VHF i tillegg for å få samband i ein del fjellområde, og for dessutan å ha eit reservenett. I krisesituasjonar er erfaringa straumstansar over lengre periodar. Naudnettet har berre åtte timar reservestraum, forklarer Vatne.

Fleirårig prosjekt

Røde Kors har arbeidd med prosjektet over fleire år, og plassering av faste stasjonar har vorte kartlagt og utprøvd. Hovudstasjonen er altså på Helgehornet, og han er dessutan kopla til Tussa sitt IP-nett – det einaste telefonnettet som ikkje braut saman under Dagmar. Vidare er det lokalt sett opp relestasjonar på Reset og på Leknes i Hjørundfjorden. Desse er no i drift med lånt utstyr, og fungerer etter intensjonen.

– Vi skal også dekkje Vartdalsstranda, men har ikkje landa på plassering av relestasjonen enno. Det kan verte på Hareid eller Sula, fortel Vatne.

Det er også gjort avtalar med utplassering av enkelt utstyr hos kontaktpersonar ute på bygdene som sikrar reservesamband over heile kommunane i krisesituasjonar.

Og ein viktig del av VHF-nettet er samarbeidet med radioamatøroperatørane, som sikrar naudsamband regionalt og nasjonalt gjennom satellitt og kortbølgje.

Ferdig i 2016

Planen er altså å få nettet ferdig utbygt i 2016. Utstyr er i ferd med å verte kjøpt inn, og kostnaden er rekna til 1,1 millionar kroner. Dette vert finansiert med gåver og oppsparte midlar. Og mykje av utstyret er gjenbruk av solid utstyr som t.d. Tussa har hatt i bruk.

Lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta er glad for tiltaket.

– Det gjev oss ein viktig reserve, og eit viktig samband utanfor allfarveg. Vi oppdaga med aksjonen vi nyleg hadde i Grøndalen at naudnettet ikkje nådde overalt. Det som no er viktig er at det vert sikra samband til område vi veit er kritiske, som Osdalen i Austefjorden, Bjørke-området og Norangsfjorden, seier Hagen.

Det er hjelpekorpsa i Ørsta, Volda og Syvde som skal opererer VHF-sambandet. Og alle har bygt ut eigne sambandsrom i sine respektive klubblokale. Det mest utbygde er i Ørsta. Der er det samband til fleire aktørar, mellom anna til drosjene i Ørsta og Volda, og lokala i Ørsta er knytt til aggregat, og vil vere operativt trass i eit eventuelt straumutfall.

Også Ørsta kommune sin beredskap er knytt opp mot Røde Kors og hjelpekorpset. Hjelpekorpset skal varslast i tidleg fase.

Ørsta Røde Kors presiserer at det nye naudnettet også dekkjer store område utanfor busetnad og vegnett, men at VHF er naudsynt for 100 prosent dekning. Mange naudnettstasjonar har lang levetid på batteria, men nokre har åtte timar. VHF-nettet til hjelpekorpsa er ikkje fullfinansiert.