– Eg veit ikkje om dette er noko å lage sak på då.

– Jau! Kva for dag gjekk du to turar på?

– Eg gjekk fire-fem turar enkelte dagar, for å gjere opp for ferieavbrekk.

– Har du invitert med venner og familie på disse turane på Helgehornet ?

– Ja, men det har vore blankt avslag.

– Men du har kanskje hatt selskap av fjellets eigne skapningar?

– Jauda. Eg har sett masse hjort, i tillegg til orrfugl, rype og rev. Og mykje spor i snøen.

– Gjekk du på ski då, når det var snø?

– På trugar. Alle turane ifrå ca 1. november og til nyttårsaftan var på trugar. Det har vore ein god del tungt føre og god trening.  Og mykje dritvêr!  På sommaren kunne eg starte ifrå  Solliddalen, men no i det siste har det vore i frå Kleiva.

På julaften Den 24. desember var Geir Finnøy på Helgehornet. Sjølvsagt. «Litt vel friskt på hornet i dag» innrømma han på Facebook-profilen sin.

– Kva hugsar du best ifrå alle turane?

Det må no vere slitet no på slutten. Du må vere sta skal du gidde noko sånt!

– Kor lang tid treng du opp?

– Det kjem jo an på dagsformen, men kring ein times tid på vinteren.

– Har du tatt av nokon vekt på dette her?

– Hadde eg visst at eg berre ville gå ned eit par kilo, er det ikkje sikkert eg ville ha gjennomført, hehe.

– Du er i toppform no då eller? Har du vurdert å melde deg på motbakkeløp?

– Det spørs om ikkje det å gå så mange turar bryt ned vel så mykje som det byggar opp, vettu.

– Det er jo mange fjell å velje i her på Sunnmøre, kvifor så mange turar på Helgehornet?

– Det ligg tradisjon for det i familien. Eg vart tatt med opp dit frå eg var bitte liten.

 Kva blir neste prosjekt?

– Det lurer jo folk på, men no har eg bestemt meg for å slappe av litt nokre veker, så får vi sjå. Rett nok hadde eg abstinensar her om dagen. Vart trippande og kike opp på Helgehornet heimafrå, på Egset.