I 2011 presenterte ei prosjektgruppe omfattande planar for å gjennomføre eit omfattande utbetring av kyrkjegarden ved Volda kyrkje, og gjere han om til eit meir parkaktig anlegg.

Mellom anna skulle gangvegen forbi kyrkja leggjast om, området planerast, gravstøtter rehabiliterast, og det var planar om å etablere ein urnelund. Forprosjektet vart finansiert av gåvemidlar frå sponsorar, men etter dette har det vore utfordrande å få finansiert sjølve tiltaka.

– Det står på pengar for å få realisert resten. Vi ser no på om det er mogeleg å få splitte prosjektet litt opp, seier kyrkjeverge Jostein Stråbø.

I første omgang er det snakk om å få bygd ein rullestolinngang ved trappa ved hovudinngangen. Dette vert truleg realisert i haust.

4-5 millionar

Ut over det, stikk tronge økonomiske rammer kjeppar i hjula for dei øvrige planane.

– Når det gjeld kyrkjegarden, er det slik at dei eksisterande kyrkjegardane og det behovet for graver som til ei kvar tid er, må ha høg prioritet. Då er det ikkje lett å løfte opp eit slikt historisk, estetisk prosjekt, sjølv om mange hadde sett pris på at vi hadde kome lenger i med arbeidet i sentrumsområdet, seier Stråbø.

Han reknar med heile prosjektet vil ha ein kostnadsramme på på 4-5 millionar kroner.

– Det fins ingen «rike onklar» som vil hjelpe dykk?

– Nei, dei har ikkje akkurat sprunge etter meg. Vi hadde nokre som bidro sist, men det er ein skilnad på å prosjektere prosjektet og faktisk utføre det. Det er no den største kostnaden kjem, seier Stråbø.

– Vil løfte sentrumsområdet

Han fortel vidare at dei ikkje har nokon klar finanseringsplan på noverande tidspunkt, bortsett frå ei eventuell lånefinansiering med kommunal støtte.

– Det vi ser, og som vi har fått kommentarar på, er at dette handlar om ei utvikling av som vil løfte sentrumsområdet. Det har det vore ein del midlar i kommunal regi til liknande tiltak. Om deler av prosjektet kunne vorte integrert i noko slikt, kunne det kome drahjelp frå både oss og kommunen, trur Stråbø.

– Vi får sjå om det er mogleg å løfte prosjektet opp frå fellesrådet si side og sjå om kommunen er med på noko.