– Det er skuffande prestasjonar over heile lina, og dei kjem av at vi er for dårleg trente. Ein skal få lov til å ha ferie, men ein må kunne vente at det møter opp fleire enn berre fem mann på trening ein gong i veka, skjenner Grevsnes.

Og han har god grunn til å reagere. Tysdagens heimetap mot tabelltoar Hareid 2 førte motstandaren heilt opp i ryggen på Åmdal. Dersom hareidsdølane vinn hengekampen sin, kan dei gå forbi og skyve Åmdal ned frå 1.-plassen i sjettedivisjon avd. 1.

– Laurdagens kamp mot Kvamsøy/ÅVK er svært viktig. Vinn vi han, så kan vi toppe inn til ferien, seier Grevsnes.

Omrokeringar gav ubalanse

Sjølv om sluttfasiten enda med tap, var Rikken nøgd med dei fyrste 15 minutta av kampen mot Hareid 2.

– Vi spelte ganske ok og skapte både sjansar og eit mål. Kai Arne Skår kom seg fri frå høgresida, og la inn 45 grader til Joakim Giske, som ekspederte ballen i mål og gav heimelaget 1-0.

Etter å ha teke leiinga, pådro enkelte spelarar seg gult kort og påfølgjande åtvaringar om å verte sendt av bana viss ein ikkje var meir aktsam.

Grevsnes svarte dermed med å omrokere på laget, noko som skapte ubalanse i spelet.

– Vi vart uvenner med ballen og fekk marginane mot oss. Hareid 2 fekk inn 1–1 på eit flaksemål, der ein av motspelarane klarte å styre inn eit frispark som ved fyrste augekast såg ut til å gå langt utafor.

Svak retur

Hareid 2 fekk dermed vatn på mølla, og gjekk opp til 2-1 like etterpå då Åmdal ikkje klarte å klarere ein dødball i feltet.

– Returen var svak, og enda hjå ein hareidspelar som skyt i mål via stanga.

Heimelaget måtte finne seg i å liggje under medan fyrste omgang ebba ut.

– Lurt oppi pølsebua

Andre omgang starta like friskt som den fyrste, med eit visst trykk frå heimelaget.

Til skilnad frå dei fyrste 15 minutta der Åmdal skåra, var det Hareid 2 som trakk det lengste strået denne gangen.

– Ein motspelar lurte ein av forsvararane våre opp i pølsebua, for deretter å skru ballen i mål og auke leiinga til 1-3.

– Og det går ikkje mange minutta før dei klarar å spele gjennom ein av spissane sine slik at han får skyte i mål frå skrått hald. Dermed gjekk dei opp i 4-1-leiing.

Mot slutten av kampen hadde Åmdal fleire feite sjansar, deriblant ein bom frå to meters hald, signert Grevsnes sjølv, og eit skot frå Kai Robin Myklebust som gjekk utafor, sjølv om han berre stod fem meter frå kassa.

Trøstemålet kom likevel rett før slutt, då Joakim Giske tuppa ballen i mål etter eit innlegg.

Dermed enda det med 4-2-siger til Hareid2.