Både Ørsta, Bergsøy, Gloppen og Ålesund deltok i turneringa i Ørstahallen laurdag.

Herrane frå heimbygda starta med å slå Bergsøy, før dei deretter vann 21–16 mot dei raudkledde frå Gloppen. Det vart også siger i siste kampen mot Ålesund, der heimelaget vann 22-18.

Det er ikkje verst når ørstingane ligg i tredje divisjon, medan både Ålesund og Bergsøy spelar på eit nivå høgare.

– Vi har mål om å rykkje opp, og då må vi vise at vi er gode nok til å spele i andre divisjon. Det tykkjer eg vi viser i dag, seier spelar Stian Aasen.

Testar nye ting

Den nye islandske trenaren Bjørgvin Runarsson er meir avmålt når Møre-Nytt spør om dei to sigrane.

– Vi spelte ikkje bra mot Gloppen. Det var god handball i tjue minutt, men deretter dabba det litt av.

– De vann 21–16 – kva tykkjer du om resultatet?

– Jau, det er bra, men vi er nøydde til å jobbe meir med strukturen i forsvaret vårt og organisere angrepsrekkja vår betre.

Trenaren frå sagaøya er likevel klar på at dette er dei fyrste kampane i sesongen, og at ein difor treng litt tid for å få spelet til å sitje.

– Vi prøvar ut litt nye ting, og vi kjem til å ta med oss det positive frå desse kampane.

Godkjent

Spelarane Stian Aasen og Andreas Langlo seier det er godt å vere i gang etter sommarferien.

– Greitt å gjere noko meir enn å berre springe på friidrettsbana. Det å spele kampar er grunnen til at vi trenar, seier Aasen.

Han er samd med trenar Runarsson at intensiteten dett i andre omgang, men at det er godkjent å vinne med fem mål mot eit andredivisjonslag såpass tidleg i sesongen.

– Det er fyrst 22. september spelet skal sitje. I dag tykkjer eg vi bommar på for mange sjansar, og vi må verte meir kyniske i forsvar, seier han.

Den islandske trenaren Bjørgvin Runarsson var ikkje nøgd med kampane - trass siger.