Både han og kollegaen Rune Hovde i Ørsta tek no, som dei fyrste i Møre og Romsdal, til orde for å slå saman dei to bygdene til ei samkommune.

– Dette er ikkje ei storstilt kommunesamanslåing, men rett og slett ei samordning som formaliserer og styrker samarbeidet mellom dei to kommunane våre, seier Iversen.

Ordførarane framhever at ei slik ordning kan gje økonomiske innsparingar, betre tenestetilbod og styrka fagmiljø.

– Ordninga med samkommune er nært sagt kostnadsfri og svært enkel å etablere. Dersom vi ikkje skulle vere nøgd med resultatet kan ein også reversere prosessen, seier Hovde.

Begge understrekar at sjølv om det vert eit samla politisk organ som er delt mellom Ørsta og Volda, skal dei fullstendige kommunestyra i kvar av kommunane framleis vege tyngst.

Modningsprosess

1. juli vert heimelen om samkommune fastsett i kommunelova frå sentralt hald, noko som gjev ordninga juridisk grunnfeste.

Dersom samkommunen vert realisert, vil ein få ei politisk overbygning med eige samkommunestyre, samansett av representantar frå både Ørsta og Volda.

Dette styret skal også ha eigen ordførar og rådmann, men korkje Iversen eller Hovde har gjort seg opp ei meining om kven som skal ha desse verva.

– Vi valde å gå ut med denne nyhenda no før ferien, slik at ideen kan få modne seg blant folket. Til hausten vil vi formelt leggje fram saka for kommunane. Håpet er å kunne kalle oss ei samkommune i laupet av 2013, seier Hovde.

Tettare

Ordførarane er begge positive til ei fullstendig kommunesamanslåing, men respekterer at forslaget vart avvist i Ørsta kommunestyre i fjor.

Ein kjem likevel ikkje vekk ifrå at tett samarbeid er naturleg for svært mange i dei to bygdene.

– Stadig fleire snakkar om tettare samarbeid mellom Ørsta og Volda, noko mange verksemder har gjort alvor av. Tussa, Sparebanken, Mørebil og VØR er berre nokre av dei som opererer på tvers av grensene. Folk flest har kome såpass langt at det kjennest naturleg å jobbe i lag i dag.

Starte smått

Dersom samkommunen vert realisert, er ein uansett ute etter å starte i det små. Iversen nemner til dømes dei kommunale IKT-tenestene som ei naturleg teneste å samkøyre.

– I tillegg kjem samhandlingsreforma, som heilt klart har gjeve oss nokre utfordringar. Desse kan verte enklare å møte dersom vi står saman, seier Hovde.

Søkjer bystatus i lag

I tillegg til søknaden om samkommune, har ordførarane også kome fram til at dei vil søkje om bystatus på same tid.

Hovde gjekk ut i vår og melde si interesse for å gjere Ørsta om til by, noko Iversen på si side var meir avventande til.

No er også han positiv til ideen, og seier at bystatus kan vere eit steg på vegen til å gje dei to bygdene meir musklar.

– Og då handlar det ikkje om at vi skal slå oss opp og fram frå avgrunnen, for der meiner eg ikkje at vi er, men rett og slett det at vi vil styrke oss sjølve for å gjere oss meir attraktive som bukommunar, seier Iversen.

Han vektlegg fyrst og fremst tre faktorar som kan sikre framtidig vekst.

– Vi må ha arbeidsplassar, gode mulegheiter for busetjing og eit rikt fritidstilbod. Klarer vi å tilby desse tre momenta, så er vi vel så attraktive som dei meir urbane strøka, seier Iversen.

– Dessutan har vi noko unikt som du ikkje finn i storbyane – nemleg ein fantastisk natur, seier Hovde.

Kvivsvegen

Samla sett har dei to bygdene våre om lag 20.000 innbyggjarar. Dersom ein reknar med Eiksundsambandet og den komande Kvivsvegen, er det nærare 60.000 personar som vil ha mindre enn ein times reisetid for å kome seg til Ørsta og Volda.

Iversen seier det er mange mulegheiter som berre ventar på å verte utnytta, og at det er viktig å stå samla for å gjere området mest muleg attraktivt.

– Viss vi lyfter blikket, så ser vi at det er behov for å samarbeide på eit meir overordna nivå. Vi kan trass alt ikkje sitje på kvart vårt nes medan resten av verda går framover.