Tussa har lang tradisjon for å vere ein aktiv bidragsytar til lag, organisasjonar og aktivitetar på Sunnmøre. Dei siste åra har kraftselskapet også delt ut prisar til unge talent og andre som fortener stjerne i margen.

Torsdag var turen komen både til to lovande sportshåp, som har utmerkt seg i si grein det siste året, og den sunnmørske Heimevernsstyrken som rykte ut i romjula då folk trengde dei som mest.

– Kjekt og motiverande

– Malene Breivik Nesse er eit stort talent innan rytmisk gymnastikk, som går ut på å framføre eit program til musikk med mange kroppstekniske vanskegrader. Ho er berre 13 år gamal, men hevdar seg allereie i noregstoppen i si grein. Nesse har vunne alle krinskonkurransar dei siste åra, og stiller med mål om å ta gull i NM den 16. juni. Ho fortener absolutt prisen, seier sals- og marknadssjef Lise Antonsen Ulstein i Tussa.

Sjølv prøver Nesse å dempe forventingane, men ho løyner ikkje at ho er svært glad for heideren.

– Det er veldig hard konkurranse i NM, men eg skal gjere mitt beste. Det følast uansett veldig godt å ta imot denne prisen, og motiverer til å stå på enda meir, seier Nesse.

Malene Aambakk er på si side handballspelar frå Åmdal i Ørsta, og høyrer til klubben Volda IL. Dei siste to åra har ho verkeleg markert seg som toppskårar både på laget og i 2. divisjon. Ho kan også sjå tilbake på landslagssamlingar for Jente 18, og trenar 14 timar i veka, noko som er meir enn dei fleste.

Eliteserien er målet ifølgje ho sjølv.

– Det er kjekt at ein set pris på talent med å dele ut slike premier, så dette var jammen motiverande, seier Aambakk.

– Alltid til teneste

Sjølve Tussaprisen 2012 vert delt ut til enkeltpersonar eller lag/organisasjonar som har merka seg ut positivt, og handla i tråd med Tussa sine verdiar.

I år er det Heimevernet i Ørsta, Volda og på Sørøyane som får prisen, som ei påskjøning for innsatsen i romjula då Dagmar herja.

– Heimevernet stilte opp med ei uvurderleg hjelp i form av rekognosering, transport, skogrydding og mykje meir. Vi håpar HV vil hjelpe oss også ved neste krise, og deler ut haudelykter som takk for hjelpa. Vi reknar med dei kjem til nytte når mørkret kjem, seier konsernsjef Elling Dybdal.

Områdesjefane Oddbjørn Åm og Tor Sindre Steinsvik var takksame for prisen.

– Dette var ei gledeleg overrasking. Det var aldri noko spørsmål for oss då vi såg at det stod om liv og helse i romjula. Vi stiller alltid opp når det er behov for oss, og vi trenar regelmessig på slike situasjonar. Vi er klare dersom det kjem ei ny krise! seier Åm.