Det stadfestar salssjef i Coop Vest, Rune Økland.

Hamskiftet skjer i midten av august – om lag på same tid som Bunnpris opnar i den nybygde fløyen av Amfi Ørsta.

– Amfi står overfor ei kraftig opprusting med mål om å trekkje fleire folk til regionen. Den reisa ønskjer vi å vere med på, og difor tek vi no ut Coop Mega og sjaltar inn Coop Xtra, som er det mestveksande matvarekonseptet i Noreg, seier Økland.

Xtra-butikkane er kjenneteikna av å ha eit nesten dobbelt så stort utval som andre lågprisbutikkar.

Plass til to?

I november etablerte Coop seg med Xtra i Furene, og har ifølgje Økland hatt suksess.

– Berre i løpet av eit halvår har butikken i Furene utvikla seg til å verte den største i området Ørsta og Volda. Det er vi sjølvsagt svært nøgde med, seier Økland.

I tillegg til dei nemnde daglegvarebutikkane, eig og driv Coop også fleire Prix- og Marked-butikkar i Ørsta-regionen.

– Er det plass til to Xtra-forretningar på Søre Sunnmøre?

– Ja, vi veit at vi tok store marknadsdelar etter etableringa i Furene, så marknaden er stor nok. Vi vil i tillegg at fleire skal kome til regionen vår for å handle, noko vi har tru på at vi skal klare å få til, seier han.

Skilnader

Sjøl om Xtra-konseptet er grunnfast, med klare retningsliner for korleis butikken skal sjå ut, vert det ein del skilnader mellom utsala i Furene og på Amfi.

– I Furene har vi 3.000 kvadratmeter å boltre oss på, der vi i tillegg til mat, sel bøker, blomster, kjøkkenutstyr, leiker og andre kvardagslege artiklar. Ved Xtra Amfi kjem vi til å satse på matsal og ferskvaredisk med sjølvbetjening, der alt er pakka inn på førehand. All maten er likevel heilt fersk, med tørrvare-sortiment i full storleik, seier Økland.

Han opplyser at dei framleis vil satse tungt på utval – og hevdar at dette er ein faktor som gjev Coop dei mest nøgde kundane, ifølgje daglege målingar.

Konkurranse

Som skrive skal også Bunnpris etablere seg på Amfi i august – då med tilbod om søndagsopen butikk.

Økland ønskjer konkurransen velkomen.

– Bunnpris og Kiwi skal få lov til å slåst om søndagen, men vi skal vere best elles i veka. Tevling skjerpar oss.

Volda

– Kva tenkjer de å gjere med Coop Mega i Volda?

– Det er for tidleg å seie noko om, ettersom vi berre er på tankestadiet, men det vil kome ei oppgradering av butikken i Volda også. Vi lyttar likevel til medlemmene våre – altså kundane – og tek vurderingane ut ifrå kor mange som handlar på dei einskilde butikkane. Berre sjå på tilfella i Barstadvika og på Lauvstad, der engasjementet frå bygdene sikra butikktilbodet. Ørsta og Volda er uansett ein knallspennande region, seier Økland.

– Bunnpris og Kiwi kan få slåst om søndagen, men vi skal vere best elles i veka, seier salssjef Rune Økland i Coop Vest