Fortvilte foreldre og innbyggjarar på Ose og i Melsbygda uttrykkjer uro over trafikktryggleiken ved fleire stadar i Osgeila og Melsvegen. Dei slår fast at trafikken her har – og kan, medføre til farlege situasjonar for mjuke trafikantar. Dei har ei stor bøn om at kommunen snarleg vurderer tiltak for utbetring av trafikktryggleiken.

Kontakta kommunen

For eitt år sidan kontakta styret i Osberget grendelag kommunen om problema. Brevet dei sende la til grunne for kvifor trafikktryggleiken i området bør utbetrast, og dei ber om vurdering av tiltak kring dei trafikkfarlege forholda. Dei har ikkje fått respons på brevet, og vil no sende inn eit nytt.

– For sann situasjonen er i dag er vi alle engstelege over borna som ferdast her, då vi har opplevd fleire farlege situasjonar, opplyser leiar i Osberget grendelag, Marte Vatne.

I brevet til kommunen peikar dei ut mellom desse forholda: Det har vorte ei auke i trafikk i Melsvegen grunna bilkøyring til/frå Rema 1000. Fleire av køyretøya held for høg fart i Melsvegen, mest truleg grunna utbetring av vegen i fjor. I tillegg poengterer dei at trafikken gjennom Osgeila har auka, mest truleg grunna bilkøyring Rystefeltet–Rema 1000 (framfor å nytte Osborgvegen ned til E39), og at bilistar held uforsvarleg høg fart gjennom Osgeila.

Sistnemnde til trass for at Osgeila har gjennomkøyring forbode, og at vegen er svært smal. Dei som bur i Osgeila fortel til Møre-Nytt at dei meiner regelen om gjennomkøyring forbode ikkje vert heldt, og at problemet har vorte verre etter at nye Rema 1000 og bensinstasjonen kom. Dei poengtera også at farta på bilane ofte er svært høg, då det ingen stadar på vegen er fartshumpar eller liknande.

– Å setje opp fartshumpar er både enkelt og billig og hadde hjelpt på situasjonen. Eller kanskje ein bom, som kan opnast av huseigarar og utrykkingsfartøy, slik at vi slepp den unødige gjennomgåande trafikken, diskuterer Ove Langøy saman med andre, og fortsett:

– På vinterstid held fleire køyretøy svært høg fart for å klare kome seg opp den bratte delen av Osgeila, uansett føre. Eit ukjent tal bilar har skrensa i denne bakken.

– Eg har fått fleire bilar inni hekken min på grunn av det, legg Marta Vatne til.

– Vi håper kommunen kan vurdere tiltak som kan redusere fart og unødig gjennomkøyring, då vi er uroa over dei mange borna som ferdast til og frå skule og andre fritidsaktivitetar, i eit høgt trafikkert område.

– Fartshumpar hadde hjelpt på situasjonen