Direktørane ved Sagafjord Hotel på Sæbø og Hotell Union Øye har all grunn til å smile. Talet på nordmenn og utanlandske besøkjande har auka sterkt denne sommaren.

– Sommaren har gått veldig bra. Smilet går frå øyre til øyre. Vi har trua på nye rekordar, fortel driftsleiar ved Hotel Union Øye, Kathrine Øye.

Auka omsetnad

Hotelldirektør ved Union Øye, Mariann Øye-Mork, viser til at hotellet selde 508 fleire rom per 31. juli enn same tidspunkt i fjor. I juli i år selde dei 113 fleire rom enn juli i fjor. Hotellet har omsett for 450.000 kroner meir enn juli i fjor, og 1.500.000 meir enn fjoråret totalt per 31. juli (frå sesongstart 28. mars).

– Vi har fulle hus, og ekstremt bra booking til lunsj og middag. Fleire står på venteliste til rom. Talet på nordmenn og utanlandske turistar har auka mykje frå i fjor. Vi har mange frå Asia, USA og England, men også meir frå Belgia, Frankrike, Nederland og Tyskland. Først og fremst er det hotellet i seg sjølv som trekk til seg folk. Og sjølvsagt den vakre naturen som ligg rundt, forklarar Kathrine Øye.

Trur du kronekursen har hatt noko å seie for dei utanlandske turistane?

– Det trur eg absolutt, og det har fleire kommentert. Dei får mykje meir for pengane samanlikna med i fjor, seier Øye.

Gode tal for Sagafjord

– Vi har hatt ei formidabel auke i juli i år samanlikna med juli i fjor. Vi er veldig, veldig nøgde. August ser også bra ut så langt, melder hotelldirektør ved Sagafjord Hotel, Aina Aalen Bjerkvik.

Bjerkvik gleder seg over å vise til gode tal for hotellet denne sommaren. I Juni i 2015 hadde hotellet 20 prosent belegg, mot 25 prosent i år. Dei hadde 346 gjestar i juni i fjor, medan dei hadde 467 gjestar i juni i år. Juli i år viser nesten ei dobling frå juli i fjor. Juli 2015 hadde dei 29 prosent belegg mot heile 55 prosent belegg i år. Dei hadde 659 gjestar i juli i fjor og 1220 gjestar i år. Om lag 800 av desse var nordmenn.

– Kronekursen har definitivt påverka talet på utanlandske turistar og hatt ei positiv effekt for oss. Eg fekk ein kommentar frå ein engelskmann som fortalde at Noreg var uaktuelt som reisemål før, men at det no er eit rimelegare land å feriere i. Eg trur også den urolege situasjonen i Europa har hatt ein påverknad.

Utanlandske turistar søkjer trygge reisemål, og det same gjer nordmenn, meiner Bjerkvik.

– Naturopplevingar trekk folk hit, utan tvil. Mange kjem tilbake til oss og fortel at dei til dømes syntest Geiranger har vore ein nedtur på grunn av overbefolkning. Det er gledeleg for oss å høyre at Hjørundfjorden har gitt eit godt inntrykk. Her har folk plass til å røre på seg utan å stå i kø.

Til hausten har hotellet mange bestillingar frå bedrifter.

– Så er det viktig for oss at vi skaper aktivitet om vinteren også, då vi er eit heilårshotell. High camp som vart arrangert i år var ein stor suksess, og vert også arrangert neste år, opplyser Bjerkvik.

<strong>Nøgd:</strong> Mariann Øye-Mork fortel om gode tal for Hotell Union Øye. arkivfoto.