I samband med Naturfestivalen, har det vorte tradisjon å invitere born til å prøve fiskelukka i Ørstaelva. Med rettleiing og råd frå dei røynde laksefiskarane i Ørsta jeger- og fiskarforeining, skorta det ikkje på ekspertisen, men heller på fisken.

Den siste halvanna månaden har det nemleg vore eit katastrofalt dårleg fiske i elva, noko som også synte att på torsdagens resultat: til saman null kreder på fiskekrokane.

– Eg har vakse opp her, og har aldri før sett elva så lita. Dette er ikkje normalt. Frå 15. juni og to veker framover var det greitt fiske, men etter det har det vore stilt. Dette må vere den dårlegaste sesongen nokon gong, sa ein oppgidd Oddbjørn Welle i ØJFF.

Etter ein dryg time utan napp, mista dei fleste fiskarane tolmodet og gjekk slukøyra ned til laksetunet ved elveosen. Der vanka det pølser og oppdrettslaks på grillen. I tillegg har jeger- og fiskeforeininga nokre kar ståande der med laks som skal brukast til kultivering. Så vart det likevel litt fisk å sjå for borna. Det heile vart ei triveleg sosial samling.

Foreininga prøvde også å gjere eit kast med not i elva. Her fekk borna hjelpe til å drage nota i land. Resultatet vart diverre nedslåande også der: tre små kreder og ein pjakk var alt som gjekk i nota. Det enda med «catch and release».

Leiar Daniel Breivik i ØJFF var og skuffa over årets sesong. Natt til tysdag stengde fisket, og med det må dei vente til neste sommar før dei kan prøve att.

– Forholda har nok si forklaring, dessverre. Vi fiskarane er blant dei få som har lengta etter regn. Det kom litt i juni, men i juli har det vore labert. Det har vore lite og varmt vatn, noko som gjer at fisken ikkje går opp i elva. Vi får i staden håpe det vert mykje gytefisk i elva.

– Kvifor arrangerer de slike fiskedagar for born og unge?

– Det er for å rekruttere born, syne fram elva, og få folk interesserte i laksefiske. Ein del har kanskje synst det har vore litt «eksklusivt» med laksefiske og høg terskel, seier Breivik.

Totalt i sesongen har det vorte landa om lag 100–110 laksar i Ørstaelva, vert det opplyst frå dei som held styr på dette. Så godt som alt av dette vart fiska i juni månad.

Ørsta jeger og fiskarforeining skal fange ein del gytefisk til kultivering framover, men det kjem til å skje framme i Follestaddalen.