Det byrja med eit kraftig snøfall vesle julaftan. Så skapte vind litt problem 2. juledag. Men deretter var det draumeforhold for skifolket. Dermed hadde Ørsta Skisenter ope kvar dag i romjula.

– Dette har vore ei av julene. Fantastisk skivêr og fantastiske forhold, seier dagleg leiar Frank Velle ved Ørsta Skisenter.

Tidleg sesongstart

Sesongen har alt vart i 5–6 veker.

– Julehelga er alltid viktig, og i år har vi vore så heldige at snøen kom så tidleg at vi fekk starte opp anlegget og køyre oss inn før jul, seier Velle.

Han fortel om godt besøk i jule- og nyttårshelga.

– Det har vore mykje folk i langrennsløypene til Åm-skaret, og det har vore godt besøk i alpintbakkane, seier Frank Velle.

Ein god snøvinter kjem godt med for Ørsta Skisenter. I fjor var det ein krevjande sesong.

– Kvar gong vi hadde produsert nok snø, så kom mildvêret og øydela. Dette skjedde åtte gongar. I år ser det heilt annleis ut. Det merkar vi også på salet av sesongkort. Vi har kampanje før jul, men i år er det også mange som har kjøpt sesongkort etter at kampanjen er over, seier Frank Velle.

Gode meldingar

Dermed er optimismen tilbake på Ørsta Skisenter.

– Langtidsvarselet for dei neste ti dagane tyder på at det vert godt vintervêr framover. Det er til og med varsla litt snø fram mot helga, så då kjem nok pudderhundane tilbake også.

Vervarslinga har målestasjon på Eitrefjell. Målingane viste at det kom 351,4 mm nedbør i desember, og det meste har kome som snø.

– Det var nesten to meter snø på øvre stasjon i romjula, men vinden har reist med litt, så no er det litt mindre på målestasjonen. Likevel kjem vi til å produsere kunstsnø. Ein veit aldri om det blir fønvind og 10-15 grader, seier Frank Velle.

Gode for­hold: Ør­sta Ski­sen­ter had­de ope i hei­le rom­ju­la og nytt­års­hel­ga. Foto: Svein Aam