Sagafjord Hotel på Sæbø har 42 rom disponible for gjestene. Samstundes har hotellet restaurant, kjøkken og konferanserom som kan handtere hundre gjester.

– Reint driftsøkonomisk vil det ikkje koste meir å ha tjue rom ekstra. I staden vil det vere betre tilpassa dei andre fasilitetane vi har, og tjue ekstra rom ville då ha gjeve oss betre inntening, fortel direktør Hans Konrad Amundlien.

Han løyner ikkje at hotellet møter utfordringar fordi det ikkje er harmoni mellom talet på rom og storleiken på restaurant og konferanserom.

– På kurs- og konferansemarknaden handlar det helst om å ha enkeltrom. Vi må då setje ei grense på om lag 45 personar – sjølv om vi har kapasitet til langt fleire, forklarar Amundlien.

Eit tilbygg mot fv. 655 er regulert, og Amundlien håper prosjektet kan late seg realisere alt i 2016.

– Det fordrar at den gode utviklinga vi har hatt i 2014 held fram i 2015, seier Amundlien.

Optimist: Direktør Hans Konrad Amundlien har tru på vekst for Hjørundfjord-området.