Det er Avinor ved Ålesund lufthamn Vigra og Statnett som er oppdragsgjevarane når anleggsfirmaet K.A. Aurstad AS i Hovdebygda no tek på seg dei dei største oppdraga selskapet har hatt nokon gong.

– Dei to kontraktane har ein samla verdi på om lag 260 millionar kroner, noko som er ny rekord for selskapet vårt. I tillegg har vi liggjande ordrereserver for over ein halv milliard kroner. Dette er arbeid som berre ventar på å verte gjennomført, seier adm. dir. Cato Aurstad.

Veg og kraft

Det fyrste oppdraget gjeld utviding av Ålesund lufthamn, Vigra, og er i storleiken 115 millionar kroner.

– Sidearealet langs rullebana skal rettast opp slik at det kjem innafor dagens krav. Det skal også byggjast nye utrykkingsvegar, og fylkes- og lokalvegar i området kring lufthamna.

Det andre oppdraget er gjeven av Statnett, og er relatert til utbygginga av 420 kV-lina Ørskog-Fardal. Denne ordren har ein verdi som overstig 150 millionar kroner.

– Vi skal gjere grunnarbeidet og leggje til rette for etablering av tre transformatorstasjonar, lokalisert i Ørsta, Ålfoten og i Sykkylven, seier Aurstad.

Ved kvart stasjonsområde er det nesten 20 mål som skal lagast til. I Ørsta er det flatepartiet ved Hovdenakken nedanfor Bondalseidet som utgjer det aktuelle området.

Stor auke

Dei nylege rekord-kontraktene er symptomatiske for den gode stimen K.A. Aurstad no er inne i. Forretninga går godt, og fotfestet i lokalmiljøet er sterkare enn på lenge.

Den administrerande direktøren opplyser at dei satsar tungt i heimfylket, men fortel også om store prosjekt i Sogn og Fjordane. I dag driv firmaet både med E16 Filefjell, Dalsfjordsambandet, Bremangersambandet II, Hjartåberget, siste finpussen på Kvivsvegen, Hellesylt, Øvre Mo II og Kvernberget flyplass i Kristiansund. I tillegg driv dei også med knuseverk på Digerneset.

Utviklinga dei siste åra stadfester at firmaet er i vinden. Omsetninga i 2011 var på 269 millionar kroner, men Aurstad seier dei ventar å ende opp på heile 330 millionar i 2012.

Utvidar verksemda

Sjølv om auken er positiv, ser Aurstad helst at ein held ekspansjonen litt i tøylene.

– Vi jobbar kontinuerleg med å stabilisere leiinga, slik at vi ikkje veks for fort. Det er vanskeleg å gjere ein skikkeleg jobb dersom vi tek på oss fleire oppdrag enn kva vi har kapasitet til.

– Vil det seie at de er på jakt etter nye tilsette?

– Ja, med eit såpass stort arbeidsvolum seier det seg sjølv at vi må ha fleire med på laget. Vi kjem til å leige inn ein del arbeidskraft, men vi treng mellom anna tre-fem ingeniørar, tre-fire rørleggjarar, og fleire maskinførarar.

I dag har K.A. Aurstad AS kring 150 tilsette, med eigne avdelingar for maskinar, lastebilar, VA, geomatikk, prosjektering og prosjektleiing.

Adm. dir. Cato Aurstad i K.A. Aurstad AS.