Bøndene sitt krav til myndigheitene er ei ramme på 860 millionar kroner. Det er nesten 100 millionar kroner lågare enn fjorårets krav, som var på 950 millionar kroner. Årsaka er mindre kostnadsvekst og lågare lønsvekst elles i samfunnet, skriv Nationen.

577 millionar er tilskot over statsbudsjettet, medan 193 millionar er auka prisar. Kravet utgjer 20.800 kroner per årsverk i landbruket.

– Vi legg særleg opp til å løfte dei små og mellomstore gardsbruka. Dei har ikkje fått det same økonomiske løftet som dei største produsentane dei siste åra. Det er i dag store inntektsskilnader mellom større og mindre produsentar, og fleire stader i landet går jord ut av drift, heiter det i ei pressemelding frå Norges Bondelag.

Dei to bondeorganisasjonane Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har forhandla mellom seg sjølve heile helga for å kome fram til eit felles krav. Dei avslutta møtet klokka fire natt til måndag, skriv Nationen.

Bondeorganisasjonane skriv at dei har teke høgde for den økonomiske situasjonen Noreg er i, i tillegg til det moderate lønsoppgjeret i privat sektor.

- Vi legg ei tydeleg retning for det norske landbruket. Kravet er også eit svar på nokre av utfordringane som samfunnet må handtere. Ved å satse på verdikjeda for mat vil regjeringa kunne skape fleire arbeidsplassar og grøn verdiskaping i heile Noreg i åra som kjem, seier Lars Petter Bartnes, som er leiar i Norges Bondelag og jordbruket sin forhandlingsleiar.

Les heile kravet her (ekstern lenkje)