Bustadbyggaren Byggpartner AS meiner sørsida av sentrum har stor utviklingspotensiale. Dei ser føre seg å fylle ut ei kunstig halvøy på Ose.

– Å busette seg i sentrum, med hamn og badeplass som næraste nabo, er ein draum for mange. Dette vil gjere Ørsta meir attraktivt for fleire av dei som vel mellom dei ulike bygdebyane på Sunnmøre i etableringsfasen av livet, heiter det i forslaget frå Lauritz Holsvik i Byggpartner AS.

– Ein betre stad å bu

Han har sendt innspelet til Ørsta kommune som eit tillegg til arkitektkonkurransen Europan, som er undervegs i Ørsta. Området på sørsida av Ørstaelva ligg er utanfor området Europan omfattar. Halvøya kan minne om dei mange kunstige øyane og halvøyane som har vorte bygt i Dubai dei siste åra, men i mykje mindre skala.

– Men denne delen av sentrum har eit stort potensial. Her er det mogleg å fylle ut og bygge ut heilt fram til marbakken i fjorden. Det kan etablerast eit større tal bustader og ymse viktige sørvisfunksjonar som småbåthamn, hotell, parkering og velvære- og friluftsfremjande tiltak, skriv Holsvik.

Han ser føre seg ei utbygging frå elvemunningen til badeplassen på Vekslet, og har gitt området namnet «Sjøsida – søre del». Holsvik påpeiker at forslaget og skissa berre er eit døme på korleis området kan bli bygt ut.

– Miljøeffekten ved å legge til rette for bustadprosjekt i eller nær sentrum er stor. Det gir redusert trafikk, mindre forureining per innbyggar, betre bruk av eksisterande infrastruktur og god utnytting av sentrumsfunksjonar som skule, barnehage, kultur, idrett, offentleg transport og fjernvarme. Logistikken for enkeltfamilien blir meir effektiv og fritida betre utnytta. Ørsta blir ein betre stad å byggje og bu, hevdar Holsvik.

Tek vare på badeplass

Badeplassen skal ikkje bli øydelagd som følgje av utbygginga, påpeiker Holsvik.

– Badeplassen er ein stor ressurs som vi bør ta godt vare på, og vi bør legge til rette for større bruk av han. Vi har lagt til grunn at badeplassen skal få større vern mot utrøne-vind og bølgjer.

Ei utviding av småbåthamna står også sentralt i prosjektet.

– Småbåthamna er i dag for lita til å dekke behovet Ørsta har for denne typen aktivitetar. Hamna har mange viktige funksjonar i sentrum. Ho har båtliv og turisme og skaper eit mangfald møteplassar og børsplassar.

I forslaget er det lagt opp til ei utviding av småbåthamna. Denne skal vere knytt saman med dagens hamn med ei gangbru.

Må gjere inngrep

Holsvik vedgår at ei slik utbygging vil medføre inngrep i bustadane og verksemdene som ligg i området i dag.

– Vi kan ikkje gjere alle til lags, men vi vil likevel peike på utviklingspotensialet i dette området. I arbeidet vårt har vi prøvd å vise at det er mogleg å bevare noko av dagens verdifulle strandline med å legge opp til interne kanalar, i staden for å stengje tilgangen til sjøen heilt. Vi meiner dette er viktig for å vareta og skape gode uteområde, godt miljø og god design.

Det vil også vere ein krevjande jobb å fylle ut området.

– Det vil vere behov for større mengder stabile fyllmassar. Dette bør koordinerast slik at det blir brukt overskotsmasse frå vegprosjekt i distriktet

Holsvik ser føre seg at dette er eit prosjekt som blir høgaktuelt ved neste revisjon av kommunedelplanen for sentrum.

– I første omgang vil vi i investere i område som er lagt til rette for bustadar i dagens kommunedelplan.