Det har vore ein eventyrleg sommar på fleire måtar på Christian Gaard Bygdetun. Ikkje berre har vêret spelt på lag: Puben har etter kvart vorte ein internasjonal attraksjon, og samarbeidet mellom aktørane blømer i Hjørundfjorden.

Verdskjent reie

Dagleg leiar Daniel Storeide kan gle seg over aukande besøk av turistar som sit på den høge restaurantterrassen og gløser ut over fjorden og Sylvkallen på andre sida. Sjølv om puben er ein av dei minst tilgjengelege i landet, er han også ein av dei mest populære. Og livsverket til faren Frank og mora Toril er i trygge hender, med neste generasjon stødig bak roret.

– Det har vore mykje folk no når det har vore så fint vêr. Vi har mange turistar frå utlandet. Meir enn vanleg. Veldig mange kjem eins ærend for å sjå og prøve reia vi har. Dei har sett henne på Instagram, seier Storeide.

Etter at Christian Gaard vann tilbodet om å drive skyssbåt i fjorden, vart det i fjor nesten ei dobling i omsetnaden, frå 2,5 millionar kroner til 4,8 millionar. Eit årsresultat på 807.219 kroner må seiast å vere godt for eit firma med base i ei veglaus grend.

Festivalane Trandalrock, Trandalblues og Trandal Countryfestival har også bidrege til å få tusenvis av gjester til Trandal.

– Det hadde gått utan festivalar, men då hadde det vorte mindre marginar, seier Storeide.

Viktig skyssbåtkontrakt

– Kva betydde det å få kontrakten for skyssbåten?

– Det betydde veldig mykje, når ein skal leve av dette hundre prosent. Tidlegare arbeidde eg i Nordsjøen og hadde hovudinntekta mi der ifrå. No skal ho kome frå Christian Gaard. No får eg vere heime med borna kvar dag, og ikkje vere vekk i fem veker i slengen. Det er mykje arbeid, og eg er ikkje så mykje innomhus, men det er kjekt likevel. Held det fram slik som no, vert det veldig bra, seier han.

Historia om den nye generasjonen drivarar av Christian Gaard vart godt dokumentert av NRK gjennom programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Episoden frå Trandal vart sendt i oktober i fjor, og vart sett av ein million menneske. I tillegg var det innslag om både Trandalblues og countryfestivalen på TV2-nyheitene i sommar. Det har gitt god draghjelp.

Vêret har også spelt på lag. Besøkstala følgjer vanlegvis mengda med sol, og har i år vore like stabile som vêret sjølv.

– Det har vore folk her kvar dag i heile juni og juli, seier Storeide.

Elles i året har han opplevd ein auke i firmaturar, pluss julebord og skiturisme om vinteren.

– No er det berre i slutten av desember og i starten av januar det er rimeleg stilt hos oss.

Ikkje meir utbygging

– Korleis er det å drive så stort på ein så avsidesliggande plass?

– Det er veldig kjekt. Vi har god hjelp frå sommarhjelparar, og alle fire i søskenflokken er i sving. Lenita tek seg av styring av pub og restaurant, så tek eg meg av drifta av båten.

– Har de planar om å utvide framover?

– Nei, vi har ikkje lyst å utvide meir bygningsmessig, men vi vil leggje betre til rette det som vi har. Vi har ordna betre toalettfasilitetar, vi har tribunen, og vi har ei betongflytebrygge som kan ta i mot større båtar.

Vidare ønskjer Daniel å understreke at samarbeidet og aktiviteten i Hjørundfjorden er betre enn nokon gong.

– Det er kjekt at vi samarbeider så godt. Om Hotel Union på Øye treng båt, ringer dei hit. Sagafjord og Urke kaihus gjer det same. Og vi sender folk til dei. Sjølv om vi ikkje samarbeider direkte, samarbeider vi godt likevel.

Avsides: Sjøvegen eller over fjellet er den einaste måten å kome seg til Christian Gaard på, men det er ikkje noko hinder for dei som vil dit. Foto: Kjell Arne Steinsvik
Hamn: I tillegg til småbåthamna innanfor moloen, har Christian Gaard no fått ei ekstra flytebrygge på utsida. Ho vert mest brukt til skyssbåtane og andre større båtar. Foto: Kjell Arne Steinsvik