Halvårsrapporten frå konfliktrådet viser at det har vore ein nasjonal nedgang på tre prosent i samband med innmeldte saker i fyrste halvdel av 2012.

På Sunnmøre har det derimot vore ein auke i talet på saker. Til no i år har det regionale konfliktrådet fått inn 130 tilfelle til handsaming, noko som er ein auke på 50 prosent samanlikna med fyrste halvår i 2011. Då var det innmeldt «berre» 89 saker.

Førstekonsulent Solveig Sandvik fortel at dei har registrert totalt 24 tilfelle i Ørsta og Volda hittil i år, men har ikkje fjorårstal å samanlikne med.

Lokalt

– I fyrste halvdel av 2012 har vi fått inn ti saker i Ørsta. Fem av dei er straffesaker medan resten er sivile. Tre av sakene handlar om vald, medan to av tilfella er økonomiske brotsverk. Elles har vi butikknasking og fleire nabokonfliktar, seier Sandvik.

I Volda er det fjorten registrerte konfliktar, der tre av dei er straffesaker, medan elleve er sivile.

– Talet i Volda vert drege litt opp grunna storsaka ved ungdomsskulen tidlegare i vinter, seier Sandvik, og viser til hendinga i februar der det vart blest kring fleire valdsepisodar med mistanke om rasistiske motiv.

Kjønn og alder

Rapporten gjev også oversikt over kjønns- og alderssamansetjing.

– Alt i alt er det fire damer og tjue menn som er involvert. Ei jente mellom 12–14 år, fem menn mellom 15-17, fem menn mellom 18-24, to menn og ei jente mellom 25-34, og åtte menn og to damer over 35 år. I Volda vart ei av ungdomsskulesakene registrert som sivilt tilfelle, fordi den involverte var under femten år, seier Sandvik.

Grunn

– Kvifor trur du det er ein auke i konfliktsaker på Sunnmøre, når det er nedgang i resten av landet?

– Eg trur auken kjem av godt og grundig politiarbeid. Vi i konfliktrådet har eit utmerkt samarbeid med politiet, og får sakene så fort dei har grave dei opp, seier Sandvik.