Leiar i Ørsta IL fotball, Paul Kristian Hovden, uttrykker stor glede over at kunstgrasbana ved Ørsta stadion snart står klar med splitter nytt kunstgras.

– Ønsket og arbeidet bak å få nytt kunstgras har stått på trappene siste åra. No er tida inne, og dette er noko vi har gleda oss til lenge. Det vart mogleg takka vere samspel mellom mange eldsjeler og gåvmilde sponsorar, seier Hovden.

Legge til rette for aktivitet

– Kunstgrasbana er ei bane som vert mykje brukt – frå tidleg morgon til seint på kveld. Av organiserte lag, men også av mange andre. Målet er å legge til rette for aktivitet for alle, så vi er glade for å skape gode forhold for det, fortel Hovden.

Mykje arbeid er lagt ned for å sikre finansiering av det nye kunstgraset. Ørsta IL fotball har skaffa fleire sponsorar som dei vil honorere ved opninga av den nye kunstgrasbana i slutten av august. Ørsta kommune har mellom anna bidrege med 200.000 kroner til prosjektet. Prosjektet kostar til saman kring to millionar.

– Kunstgrasbana i Ørsta har eit førstegenerasjon kunstgras som ikkje har vore skifta sidan 2005. Graset som no vert lagt er eit nytt type gras, og er eit gras som vil dekke FIFA sine nye reglar for kunstgras som trer i kraft i 2017. Det nye graset har truleg ei lenger levetid enn det gamle, på om lag 12–15 år, forklarar Hovden.

Gjenbruk

Ørsta IL fotball har gjort fleire avtalar om gjenbruk av det gamle kunstgraset. Det vil bli nytta til mellom anna trenings- og leikeområdet til Velle skule og Vikemarka skule.

– Vi er veldig glade for at det kjem til nytte andre stadar.

Til no er det gamle graset rulla vekk, og arbeidet med å legge på nytt er i gang.

– Det er mykje arbeid å bli kvitt det gamle og å få på nytt. Heldigvis er det erfarne folk som tek seg av arbeidet slik at det går fort og på skikkeleg vis. Det er leigd inn eit selskap som er spesialistar på å legge grasbaner. Dei reiser verda rundt for å gjere dette, opplyser Paul Kristian Hovden.

Ørsta IL fotball håper at bana står klar til bruk 18. august.

– Det er avhengig av at vêret er litt tørt, då graset ikkje kan limast når det regnar. Etter dei har lagt og limt graset, vil mange frivillige stille opp for å fylle inn graset med sand og granulat.