– Vårt avdelingskontor vert ein del av eit større selskap, seier gruppeleiar Ståle Liadal, som står bak etableringa saman med Ove Rønning og Gro Sørheim Høstland.

850 tilsette

Asplan Viak er eit av dei største rådgjevande ingeniør- og arkitektfirmaa i Noreg, med til saman 850 tilsette fordelt på 30 kontor, landet over. Dei jobbar tverrfagleg med alt frå bygg, veg og miljø.

I Ørsta har firmaet tidlegare vore involvert i mellom anna skredvurderingar, støyvurderingar, flaumberegning for elvar og vassdrag, og fleirbrukshallen på Mosflata, men først no vert det etablert eit eige kontor. Frå før i Møre og Romsdal er det kontor i Ålesund og Molde.

– Vi har brei erfaring frå andre firma, og har også jobba saman tidlegare. No ønskjer vi å jobbe vidare saman. Vi trur det er rom for oss i Ørsta, og at vi vil vere eit godt supplement til dei andre firmaa som driv på med liknande arbeid, seier dei tre initiativtakarane som til saman sit på mellom 60 og 70 års kompetanse.

Dei ser på det som ein stor fordel å vere ein del av eit større firma, då dei kan utveksle kompetanse mellom avdelingane.

– Alt er mogleg når vi jobbar elektronisk, seier dei.

Kjent lokalt

Firmaet har vore oppe og gå sidan i haust, men dei er no i ferd med å etablere seg i nye lokale i Vikegata 25, i tredje høgda på Ørsta Torg.

– Vi tek på oss små og store oppdrag i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane i hovudsak, men også andre delar av landet om det er ønske om det. Vi er allereie involvert i prosjekt andre stader, men har også eit ønske om å gjere det kjent lokalt at vi er her. Både små og store oppdrag er av interesse, seier Liadal.

Dei kan stå for planlegging av alle fag i eit prosjekt, anten gjennom Asplan Viak, eller saman med andre samarbeidspartnarar, også lokale.