Det skriv VG onsdag, og viser til ein rapport frå Transportøkonomisk Institutt.

Tysdag ettermiddag tok det til å brenne i ein buss inne i Gudvangatunnelen i Sogn. Fem personar vart køyrde til sjukehus, fire av dei er alvorleg skadde, melder Helse Bergen.

Alle dei undersjøiske tunnelane i Noreg er inne på lista. På Sunnmøre vil det seie Eiksundtunnelen, Ellingsøytunnelen, Valderøytunnelen og Godøytunnelen.

– Vi fann at undersjøiske tunnelar og bratte tunnelar hadde fleire brannar enn andre tunnelar, seier Tor-Olav Nævestad i Transportøkonomisk Institutt til VG.

Bratte tunnelar er risikofylte både fordi bremser kan gå varme på veg nedover i tunnelen eller at motoren havarerer på veg opp.

– Tunnelane er dødsfeller. Det er altfor ofte rein flaks og dyktige redningsmannskap som avverger katastrofar, seier Geir Mo, direktør i Norges Lastebileier-Forbund, til VG.