Eldar Øye ved rådmannskontoret i Ørsta kommune stadfestar at det vert to veker med full stopp i byggjehandsaminga.

– Vi har berre to sakshandsamarar i byggjeteknisk avdeling, og dei har begge rett på ferie, seier han.

Møre-Nytt veit at kommunen har mange saker som ligg og ventar på handsaming.

- Ikkje gunstig

– Har ein tid til å ha to veker med full stopp?

– Det er heilt klart ikkje gunstig, og vi kjem nok til å ta ei vurdering på kva ein skal gjere med problemet i framtida. Det er likevel ikkje så enkelt som ein skulle tru å organisere det slik at desse to ikkje har ferie samtidig.

– Er det aktuelt å tilsetje fleire?

– Det vert eit ressursspørsmål som treng nøye vurdering, sett i lys av den tronge økonomiske situasjonen i Ørsta kommune.

Må ta folk ut av ferie

Ein som ikkje er nøgd med stoppen i byggjehandsaminga er dagleg leiar Henning Heltne i Mesterhus Sunnmøre.

– Vi er svært kritiske til at kommunen kan drive på denne måten, seier han.

– No sende dei vedtaka sine til oss rett før ferien, og sidan der ikkje er folk i byggjeteknisk etat, må vi ta folk ut av ferie for å halde kommunen sine klagefristar, seier Heltne, som i skrivande stund sjølv sit på kontoret i ferietida si.

– Eg har ei konkret sak som må handsamast, og ho kan ikkje vente. Det burde vere muleg for byggjeteknisk etat å leggje opp feriane sine slik at der alltid er nokon vi kan vende oss til, seier Heltne.

– Skal vere sørvisetat

Dagleg leiar Per Sigvald Hoggen i Norhus avd. Ørsta, seier at dei har teke tek høgde for at kommunen har feriestopp i sakshandsaminga. Han har likevel sympati for privatpersonar som ikkje kjenner til denne avviklinga.

– Vi i byggjeverksemda er påpasselege med å sende inn søknadene ekstra tidleg, slik at kommunen rekk å få dei handsama før ferien. Mange privatpersonar er på ei anna side ikkje klar over denne fristen, noko som medfører at søknadene deira vert liggjande på vent i lengre tid. Det er uheldig, seier Hoggen.

Han understrekar at kommunen er ein sørvisetat, som skal tene folket.

– Diverre verkar låg bemanning i byggjeteknisk sektor å vere eit problem i mange kommunar. Slik bør det ikkje vere, seier han.

Dagleg leiar Henning Heltne i Mesterhus Sunnmøre.
Dagleg leiar Per Sigvald Hoggen i Norhus avd. Ørsta.
Eldar Øye ved rådmannskontoret i Ørsta kommune.