For om lag to veker sidan vart ei av kraftmastene som bêr 22 kV lina ved Selvikberget i Austefjorden skadd då ho vart treft av ei steinblokk.

Uhellet skjedde under oppryddingsarbeid, i etterkant av sprenginga som Statens vegvesen gjennomfører i samband med den komande Kvivsvegen.

Fatalt

I helga var uhellet atter ein gong ute. Adm. dir. Rune Kiperberg i Tussa Nett fortel at kraftlina vart treft av stein både laurdag og søndag, noko som førte til tre minutt med straumbrot i Volda begge dagane.

– Søndag skjedde også det fatale. Steinspranget medførte såpass skade at sjølve lina slitna. Det gjer at Tussa no må gå inn, sikre to mastepunkt og strekkje opp eit lenger luftstrekke med kabel, seier Kiperberg.

Det er enno ikkje trygt å opphalde seg i sprengingsområdet, noko som gjer Tussa må vente til vegvesenet har tryggja plassen. Kiperberg har fått signal om at Tussa får grønt lys for dette i løpet av veka.

Krev kompensasjon

Trond Ryslett er ein av småkraftprodusentane i Austefjorden som nyttar 22 kV-lina til å transportere lokalprodusert straum.

Med den omtalte kraftlina nede for telling, må dei lokale kraftprodusentane køyre med avgrensa kapasitet, noko som fører til tapte inntekter.

– Her vert det vekevis med tapt kraftproduksjon, og det midt i snøsmeltinga, seier han.

Ryslett meiner vegvesenet ikkje gjorde godt nok arbeid med å sikre 22 kV-lina, og meiner dei bør ta rekninga.

– Eg vil starte med å sende ut faktura frå Heidelva, Sundal, Kviven og Skjåstad på dei kostnadene vi får som ei følgje av at ein har undervurdert sikringstiltaka ved lina.

– Vert ei juridisk sak

Byggjeleiar Rolf Stormo seier vegvesenet ikkje vil uttale seg om dei vil betale ut kompensasjon til kraftprodusentane eller ikkje, og stadfestar at dette eventuelt vil verte eit juridisk sak.

– Var vurderingane gode nok i forkant av sprenginga?

– Vi hadde få alternativ, og måtte velje mellom å byggje om lina eller berre gjennomføre sprenginga og satse på at det gjekk bra. Vi var budde på å ta reparasjonen i etterkant, seier Stormo.

Han seier det var uheldig at lina vart skadd, og understrekar at dei vil gjere sitt for å få kraftlina i orden så fort som muleg.

– Prioriterer storsamfunnet

Kiperberg seier det sjølvsagt er beklageleg at småkraftprodusentane vert økonomisk skadelidande, og minner om at Tussa også taper pengar på uhellet.

Han er likevel klar på at det ikkje var mange alternative måtar å gjennomføre arbeidet på, og at offera trass alt er til det beste for storsamfunnet.

– Vi veit at vegvesenet sitt arbeid medfører konsekvensar for lokalbefolkninga, mellom anna med stengde vegar, ferjeløysing og no sist brot på kraftlina. For oss er det uansett storsamfunnets beste som har vege tyngst, og eg trur dei fleste vil vere nøgde når det ferdige resultatet endeleg står ferdig, seier Kiperberg.

Skal til bunns

Ryslett seier han ikkje er overraska over at ingen vil ta rekninga på noverande tidspunkt, men varslar at han ikkje vil gje seg i saka.

– Eg tykkjer det er urett at dei skal halde på slik utan å ta ansvar for handlingane sine. Denne saka kjem eg til å gå til endes med, av prinsipielle grunnar, seier han.

Adm. dir. Rune Kiperberg i Tussa Nett er klar på at dei har prioritert storsamfunnet sitt behov for å få ferdigstilt Kvivsvegen fortast muleg.
Byggjeleiar Rolf Stormo i Statens vegvesen seier ei eventuell erstatning vert eit juridisk spørsmål.