Torbjørn Follestad uttrykker stor glede over det gode frammøte til Ørsta Jeger og Fiskarforeining sin fiskedag i Ørstaelva tysdag.

– Dagen vert betre og betre for kvart år. Her er mykje folk, noko som er bra for rekrutteringa av nye laksefiskarar, fortel han.

Glade laksefiskarar

– Å fange stor fisk er det kjekkaste. Eg har ikkje fanga stor fisk enno, berre små krede i sjøen. Men eg har sett ein stor laks frå elva før, og den var det pappa som kom heim med, fortel Nikolai Hjellen (5) som var ein av kring 60 born og unge som var samla i Ørstaelva tysdag ettermiddag. Nikolai fekk testa si første fiskestong som han nyleg hadde fått i bursdagspresang.

– Eg fekk to fiskestenger til bursdag. Denne er grøn og den andre er svart, forklarar Nikolai.

– Eit kjempekast! Eg trur han er eit naturtalent, kommenterer pappa Jon Andreas Hjellen, etter at sonen gjorde eit kast som var nær å ende på andre sida av elva. I vel to timar fekk borna bryne seg på fiske i elva i håp om at det skulle bite på kroken.

– Eg mista ein på fem kilo under fiskedagen i fjor, så eg håper å fange ein like stor i år, seier Ole Martin Koppen. Det var dessverre lite fangst å få, med unntak av mellom anna Lucas Follestad Almestad (6) som fekk lakseyngel på kroken.

– Men han kasta vi uti igjen så han kan vekse seg stor, forklarar Lucas.

– Det er kjempekjekt å fiske, legg han til.

Etter fisket i elva var det duka for grilling og sosialt samvær på Laksetunet ved Osbrua. Ørsta JFF stod for grillinga, der laks sjølvsagt var på menyen. Til slutt var borna med på å kaste not i elveosen for å sjå om dei fekk tak i ein skikkeleg storlaks. Det fanga dei til stor glede fleire av.

Tradisjon

Fiskedagen har vorte ein årleg tradisjon i regi av Ørsta Jeger og Fiskarforeining i samarbeid med Ørsta elveeigarlag som stiller med Ørstaelva til disposisjon. Elva stengde sesongen for laksefisket 1. august, men elva vart tradisjon tru opna spesielt for denne dagen.

I ti år har fiskedagen vorte arrangert. I år var dagen også eit arrangement i Norges Jeger- og fiskerforbund si rekrutteringskampanje «Fiskesommer», som har som hensikt å skape interesse for fisking blant born og unge.

– Vi synest arrangementet var ein stor suksess, seier Daniel Breivik i Ørsta JFF.