– Det er lite hyggeleg å arrangere bubiltreff om bana skal sjå slik ut. Byrjar det å regne vil det leggje seg dammar i spora som ein eller fleire bilar som har køyrt her har laga. Det er ulovleg å køyre her, og bana er fysisk sperra for køyretøy. Einaste måten dei kjem seg inn er gjennom graset ved ungdomsskulen. Og i graset ser ein bilspora. Dette er ikkje første gongen, då det tidlegare har vore mopedspor her, fortel arrangør for bubiltreffet, Per Åmbakk.

Det er kommunen som eig bana, og Åmbakk meiner det er ei skam at den flotte bana som ofte har arrangement skal vere utsett for desse problema.

– Politiet må kome på bane og vere meir synlege for å få fatt i dei som er ansvarlege. Eg har vore i kontakt med dei om hendinga, og dei seier dei har notert seg problemet. Om det skulle vere nokon som veit kven som har køyrt her, bør dei kontakte politiet.

No må bana jamnast ut igjen før arrangementet neste helg.

– Dette er arbeid og kostnadar som kunna vore forhindra, meiner Åmbakk.