– Det er veldig spennande å kunne jobbe med kroppslege plagar hos både menneske og dyr, og å sjå at behandlinga eg gir har effekt, seier Silje Heltne.

Silje Heltne er utdanna fysioterapeut og vidareutdanna osteopat, og jobbar til dagleg hos Aarflot Fysioterapi i Volda. I vår vart ho ferdig med kurs for å utføre osteopati på hest og hund, som ho trur somme dyreeigarar kanskje ikkje veit er eit tilbod som eksisterer.

Dyr og kroppslege plager

Silje Heltne har sida ho var lita styrt med hestar, og i over sju år har ho saman med Torill Kristin Wollmann tilbydd terapiriding for unge og vaksne med fysiske og psykiske utfordringar. Å styre med dyr er med andre ord noko ho er vant med. No er ho glad ho også kan vere til hjelp for dyr med ulike plager.

– Slik som mange små jenter ville eg som lita bli dyrlege. Eg er glad eg ikkje valde den retninga, men eg synest det er veldig kjekt og spennande å jobbe med dyr. Difor valde eg å ta dette eittårige kurset.

Kurs om dyre-osteopati i Noreg var for første gong arrangert i fjor. Det vart heldt av Stuart McGregor frå England, som er ein leiande spesialist i faget. 11 frå Noreg tok del. Kravet frå desse var at dei hadde utdanning innan osteopati frå før. I vår vart kurset runda av med munnleg og praktisk eksamen i faget. No har Heltne starta opp praksisen som dyre-osteopat ved sidan av jobben.

– Eg håper dette blir som ein fast praksis som eg kan ha ved sidan av jobben som fysioterapeut, og terapiridinga vi har to gongar i veka. Behandlinga eg kan tilby som dyre-osteopat går ut på tøye, massere, manipulere og mobilisere den nedsette rørsla til hunden eller hesten. Eg finn problem på dyret gjennom å til dømes undersøke beina ledd for ledd for å kjenne om rørsla er slik den skal, og å kjenne etter stivleik i muskulatur. Dyr kan som oss menneske også få stiv nakke. Då vil massasje hjelpe.

Korleis kan ein sjå at eit dyr har kroppslege plagar?

– Veldig ofte kan ein sjå problem ved at dyret har endra måte å gå på eller har endra åtferd eller humør. Ein hund kan til dømes vegre seg for å hoppe opp og ned som før. Får ein då mistanke om at noko er gale og dyrlegen har utestengd at det er noko alvorleg, kan osteopati vere til hjelp, og eg kan kontaktast.