Det seier, Rune Thomas Ege, nytilsett kommunikasjonssjef i Hurtigruten, til Møre-Nytt.

Han fortel om ein fantastisk haustsesong med seglingar til Urke ved Norangsfjorden.

– For passasjerane er Hjørundfjorden og Norangsfjorden ei spektakulær fjordoppleving heilt i starten av reisa frå Bergen. For mange er det første gongen dei opplever ein slik stad, og det gjer nok veldig inntrykk. Det var fantastisk vêr mykje av sesongen, og det hjelper sjølvsagt også på.

Gjester frå heile verda

Dei første prøveseglingane til Urke var i 2012, og hausten 2013 var den første ordinære hurtigrutesesongen på Urke. Passasjertala har vore gode, ifølgje Ege, og tilbodet på land har stadig vorte utvida. Gjestene kjem frå heile verda:

– Mange av gjestene våre kjem frå dei nordiske landa og Tyskland. Men har også eit betydeleg tal frå Storbritannia, Frankrike og stadig fleire frå veksande marknadar som USA, Kina, Australia og ei rekkje andre land, seier Ege.

Hurtigruten er fulle av lovord om innsatsen bygdefolket på Urke gjer for å legge til rette for hurtigrutegjestene.

– Alt vi gjer på Urke, er bygt opp saman med bygdefolket. Det er ein utruleg dugnadsånd der, og lokalbefolkninga må verkeleg ha sin del av æra for at dette har vorte ein suksess.

Unikt

Urke er ulik alle andre hamner Hurtigruten seglar til.

– Naturopplevinga er unik, men Urke er også ei mykje mindre hamn enn dei andre stadene vi seglar. Det gjer at opplevinga blir spesiell både for passasjerar og mannskap. Dei kjem gjerne tettare på lokalsamfunna enn andre stader, fortel kommunikasjonssjefen og legg til:

– Med den ruteplanen vi har sett opp, har også gjestene relativt god tid inne i fjorden. Det opplever vi at passasjerane set pris på. Hjørundfjorden, Norangsfjorden og Urke er på mange måtar Hurtigruten si skjulte perle. Der får vi vere i fred frå anna cruisetrafikk, og kan tilby eit unikt produkt.

Ser på nye moglegheiter

Då Hurtigruten starta opp på Urke, var det tilbod om éi utflukt. No er dette utvida til tre forskjellige tilbod, og Ege ser ikkje vekk frå at det kan bli meir.

– No skal vi sette oss ned og evaluere, og sjølvsagt gå i dialog med Urke-folket om kva vi gjer neste år – og året etter. Vi kikar på fleire nye moglegheiter, seier Ege.