Det seier Svein Arne Øye, som bur i den yttarste utkant av Ørsta kommune – rettare sagt Norangdal, ein av dei mest aktive pelsdyrområda i Noreg. Her er han fødd og oppvaksen, saman med fleire tusen minkar og hundrevis av revar på farmen, som faren tok over i 1942.

I 1972, etter enda militærteneste, tok Svein Arne sjølv over drifta – ein jobb han har hatt på heiltid fram til desse dagar. Snart skal nemleg sonen Jetmund gå i dei same fotspora, og ta over eigarskapet av dei 6.300 minkane og 400 revane.

– Eg skal no framleis halde fram med å jobbe her, men eg vert ikkje eigar lenger. Det er på tide å trekkje seg litt tilbake veit du, seier han med eit smil.

Strenge krav

Etter 40 år i bransjen kjenner Øye dei fleste sidene av pelsdyrnæringa. Frå stova i Norangdal har han døyva mange av dei negative inntrykka som kjem frå dyrevernorganisasjonar og andre kritikarar av pelsdyrhald.

Fleire meiner dyra veks opp i tronge og uverdige forhold, men dette er ei myte Øye vil til livs.

– Dei som driv i denne næringa får ofte rykte på seg for å stelle dårleg med minken og reven, men vi kunne aldri produsert god pels viss ikkje dyra levde eit godt liv i trivsel, seier han.

Samstundes stadfestar Øye at minkdrift er den mest regulerte næringa i Noreg. Fire gangar i året kjem veterinæren for å sjekke at dyra har det bra, og at gardbrukarane oppfyller alle krava til fullgodt hushald. I dag må ein også vise til sertifisering og gjennomført kompetansekurs for å kunne drive lovleg.

– Dei vil stogge oss

– Er det for strenge krav til de som driv med pelsdyr?

– Nei, eg klagar ikkje, men ein kan no spørje seg kvifor det skal vere så tett kontroll med mink- og revedrift. I teorien er det ikkje noko annleis å drive med kyr og sau, og veterinærane seier sjølv at det vert rapportert inn færre misleghald av pelsdyr samanlikna med andre gardshald.

– Vi har motstandarar som vil opponere uansett kor mykje vi betrar oss. Det er tydeleg at dei helst vil drifta vår til livs, seier han.

Uklar framtid

Det som i alle fall er sikkert, er at pelsdyrhaldarane ser langt meir klingande mynt enn mange andre gardbrukarar. Per dags dato er auksjonsprisen på eit minkskinn kring 600 kroner – ein pris som har sett ei stødig stigning i årevis.

– Pelsdyrhald er nærast den einaste gardsnæringa som gjev skikkelege inntekter. Mjølkeproduksjon er ikkje på langt nær like lukrativt, seier Øye.

Noreg står for 600.000 – altså cirka fem prosent – av dei 50 millionar minkskinna som vert produsert på verdsbasis kvart år.

– Har pelsdyrnæringa ei framtid i Noreg?

– Det er vanskeleg å seie, men vi bør ha like gode føresetnader som andre gardbrukarar.

Øye har 300 mink på farmen – dei fleste er lyse i skinnet