Tidlegare i sommar stadfesta skogbrukssjef Roger Nedreklepp at dei var for tilbakehaldne i dagane etter orkanen Dagmar, då dei vurderte det nedrivne tømmervolumet til 60.000 kubikkmeter.

Den reelle mengda var nemleg på 120.000 kubikkmeter – altså dobbelt så mykje som fyrst rekna med.

Tidlegare i år var det klart at ein hadde funne kjøparar til den opphavlege mengda med trevirke, men spørsmålet no er om ein klarer å selje unna den doble mengda.

Nedreklepp og marknadssjef Karin Widerøe i Allskog stadfester at dei har funne kjøparar til alle dei 120.000 kubikkmetera.

Inn- og utland

– Ja, vi har avtalt å selje tømmeret til ein rekkje sagbruk i Trøndelag. Resten vert eksportert til Tyskland, seier Widerøe.

Nedreklepp opplyser at tømmeret vert skipa frå Ørstaterminalen, og seier kubikkprisen er 250 kroner for sliptømmer og 340 kroner for skurtømmer.

Fyrstnemnde er trevirke som vert mala opp til tremasse, nytta i papirproduksjon, medan sistnemnde vert saga opp til plankar.

Ferskvare

Allskog vil ikkje kommentere den nemnde prisen, men Widerøe seier at det å sikre verdien på tømmeret er endå ein grunn til at ein må handle raskt i skogryddinga.

– Dei fleste tenkjer nok ikkje på at trevirke er ei ferskvare på lik line med mjølk, men sett på spissen er det faktisk slik. Vinterkulda verkar rett nok konserverande på tømmeret, men så fort sommaren kjem får ein tørke, sprekkdanningar og eventuelle billeåtak. I alle tilfelle vert det dårlegare kvalitet på trevirket.

Marknadssjefen løyner ikkje at tidspresset gjer dei til ein utfordrande kunde for det kommunale byråkratiet, men understrekar at dei ikkje har noko val.

– Skal vi lukkast med å berge skogeigarane sine verdiar, er vi nøydde til å stille krav på tvers av etatar og stillingsheimlar. Dialogen har heldigvis vore god så langt, seier ho.

Kommunevegane neste

Dei nemnde krava dreiar seg fyrst og fremst om logistikk og transport.

Nedreklepp har tidlegare fortalt til Møre-Nytt at skogryddinga nærast er ferdigstilt fleire stader på Austlandet. Det sunnmørske terrenget er på ei anna side mykje meir ulendt, og krev tilrettelegging for å vere framkomeleg.

Allskog har difor søkt om dispensasjonar for å få nytte fylkes- og kommunevegane til tømmertransport, noko dei har kome langt på veg med.

– Det vart heldigvis ei løysing i juni, då vi fekk løyve til å nytte fylkesvegen gjennom Vatnedalen. No gjeld det berre å få dispensasjon til å køyre på kommunevegane også, seier Nedreklepp.

Han seier dei er eit stykke på veg i desse forhandlingane, men at det ikkje har vorte tilstrekkeleg semje mellom Allskog og Ørsta kommune kring detaljane i saka.

Det stadfestar også marknadssjef Widerøe, men heller ikkje ho vil utdjupe desse punkta i detalj.

– Vi skal ha møte med kommunen denne veka, så får vi sjå kva vi kjem fram til, seier ho.

Behov

Nedreklepp er uansett klar på at det må kome ei løysing – helst i går.

– Eg skjøner at dei ansvarlege må vere restriktive, men på ei anna side har vi ikkje andre vegar enn dei kommunale som eignar seg for tømmertransport i dei aktuelle områda. Vi har ikkje noko val enn å halde fram med å presse på for dispensasjon, seier han.

Skogbrukssjef Roger Nedreklepp i Ørsta og Volda seier han er nøgd med at mykje av foredlinga av tømmeret skjer i Noreg.
– Dei fleste tenkjer nok ikkje på at tømmer faktisk er ferskvare, på lik line med mjølk, seier marknadssjef Karin Widerøe i Allskog fortel at